Gunnhild Frette Berge raskast av alle
36.15 på 7.5 km lett kupert lar seg høyra av denne unge jenta. Mor hennar, Laila var i 1982 fyrste leiar av det nystarta IF Klypetussen, berre 15 1/2-år gamal. Gunnhild gjorde eit godt løp heime på juleferie på hytta ved nabovatnet Stordalsvatnet. syskenbarnet til Gunnhild, Lillian Frette Litlehamar gjorde også ein flott prestasjon med 39.30. Olav Samland var raskast av herrene i klasse 50 - 54 år fullførte han i fin stil på 39.15. 

Reklame er viktig
Reklame er så mangt. Eit fint oppslag i lokalavisa Grannar kan vera ein god start for nytt forsøk neste år. Og munn til munn metoden skal ein heller ikkje forakta. Alle deltakarane såg ut til å vera fornøgde. Gløgg og trekkjing av premiar i målområdet og kr 40,- i startkontingent, skremte ingen.
To andre viktige reklamefaktorar er entusiasme og atmosfære.

IMG_3898.JPG
Emma Eline Vae Haaland sprang fyrst kortløypa på 850 m, så heile 7.5 km "Vatnet Rundt".

IMG_3880.JPG
YES! Me klarte det! Tidlegare statssekretær Frode Berge og kona Laila Frette var blant dei 20 tøffingane

IMG_3876.JPG
Litt slitne etter tøff tur rundt vatnet.... Asbjørn Grønstad og Harald Måge. To dagar seinare løp Asbjørn éin gong til og persa seg med rundt fire minutt.

1-20160105_111756.jpg
Gunnhild Frette Berge var suverent raskast i uhøgtideleg romjulstrim på litt vanskeleg føre.

Elles er det laga ei hending på facebook "Vatnet Rundt" med video langs heile løypa. Her er også treningslogg for dei som har hatt treningstur rundt Litledalsvatnet.

Og invitasjon til storløp her laurdag 16. juli.