Holavatnet Rundt er ein karusell som i 2012 vert skipa til for 30. gong. Løypa er ein sterkt kupert rundløype på 3.2 km i Hosanger på Osterøy.

101 deltakarar midt i veka!
19 sprang og heile 82 trimma utan tidtaking rundt den 3.2 km lange Holavatnet rundt-løypa. Løpet vert skipa til for 30. sesong på rad! 
I jubileumssesongen er det i alt 19. løp! Kvar onsdag kl 1800 for trimmarar og kl 1900 for løparar. 2. mai i år var det heile 228 deltakarar. Rekorden er enno høgare og er frå 2010-sesongen på 259. Siste løp i jubileums-sesongen er 19. september. 

Det enklaste er ofte det beste
Skal ein slik karusell vara, er det viktig at tilskipinga er enkel, slik at funksjonærane ikkje slit seg ut. Men sjølv om det er om lag tjue løp kvar sesong, så er her kiosk med vaflar, kaffi, brus og is kvar gong. Påmelding kr 10 for ungar og kr 20 for vaksne, like opp til start ved Hosanger Montesorri-skule i Mjøsdalen i Hosanger.

Sterke rekordar
Hilde Aasheim, Osterøy IL hadde 11.07 i 2010. Fem år tidlegare sprang Øystein Engum Andersen, BFG Fana på 9.28. I den sterkt kuperte løypa er dette veldig gode løyperekordar. Til dømes prøvde kenyanaren Laban Siro (som har årsbeste i denne løypa), seg på løyperekorden under gode tilhøve, men kom heile 37 sekund bak.
Resultat og bilete frå alle åra finn du på Mjøsdalen IL si heimeside.

Premiering til inspirasjon
No er det inga klasseinndeling, men fokuset ligg på det kvar einskilde legg i løpet sitt.
Imponerte gjorde likevel tvillingane Anna - og Emma Hanstveit som var fyrst av jentene på 17.04! Om Kondis høyrde rett, er dei berre åtte år gamle (..og det var ingen hojande trenar eller foreldre som pressa dei). Løpsglede er ikkje aldersbestemt.
Øyvind Bjørsvik kom aller fyrst i mål i det 14. løpet på 11.57.
Alle som er med i minst åtte løp, får jubileums-løpskrus. I kvart løp er det trekking av to premiar trekt blant alle deltakarane. Så når sesongen er ferdig får alle som har sett pers, ein diplom med tida si på.

Kondis er imponert over arrangørane, og kor uthaldande dei er
Dette er ein karusell som me kan anbefala for familiar, mosjonistar og toppløparar.


Enkel påmelding ved start, og hyggelege arrangørar.


Godt besøkt utekafé på skuleplassen til Hosanger Montesorri-skule.


Øystein Øvsthus starta karusellen for 29 år sidan = 30 sesongar, og er framleis den store eldsjela.



Holavatnet Rundt 15. august  14.. løp 2012.

BJØRSVIK ØYVIND               11,57      11,07
HANSTVEIT ODDVAR              12,18      12,18
ØVSTHUS AKSEL                 12,21      12,21
ESPELID MAGNE                 12,38      12,29
HANSTVEDT JAN ROALD           12,41      12,30
HANNISDAL TORE                12,43      12,39
GJERSTAD VIDAR                13,59      13,59
HELLEVANG OVE                 14,08      14,08
RØSLAND FINN                  14,10      14,10
HANSTVEIT DANIEL              15,47      15,16
SELLEVOLD GISLE               16,16      16,16
HANSTVEIT BRAGE               16,54      16,54
HANSTVEIT ANNA                17,04      16,31
HANSTVEIT EMMA                17,04      16,31
HANSTVEIT ØYSTEIN             17,08      11,23
ØVSTHUS EIMUND                17,08      17,08
LONE SVIDAL AMALIE            18,52      18,52
ØVSTHUS ØYSTEIN               18,53      11,55
NORDÅS RANDI                  19,07      14,17