Dei fleste tok seg fram på sykkel. Forutan geiter og bukkar som har tilhald i terrenget langs vegen, vart det i år registrert ei Tine-ku som gav frå seg Litago-drikka. Dette var på saftstasjonen etter 6 km. I mål hadde Åkrafjorden Oppleving sal av grillmat og diverse andre godsaker. Og i det flotte været så var det mange som sette seg ned for å nyta innkomsten til dei som streva seg gjennom løypa på tid. Kjetil Lothe kom først opp den bratte bakken til mål. Nr to totalt vart Miriam Berg Hovda, berre 50 sek bak sin eigen løyperekord frå i fjor. Med gode spekemat-tradisjonar i området så vanka det premiar av det slaget til dei som entra sigerspallen. Og alle oss andre fekk kvar vår kopp med løps-logo. Tekst: Olav Samland Alle resultater på samlesida Foto: Olav Samland og Fredrik Samland |
||||
Start | ||||
|
||||
Kjetil Lothe | ||||
|
||||
Miriam Berg Hovda | ||||
|
||||
Hovda mot mål | ||||
|
||||
Tøff avslutning | ||||
|
Artikkelen fortsetter under annonsen