Kvalitetsmessig vart den niande utgåva av eliteløpet den beste nokon sinne. Etter sju tidlegare sigrar måtte løpets initiativtakar, Bjarte Vik frå Osterøy IL, finna seg i ein femteplass. Ein litt influensaredusert Vik måtte sleppa teten alt etter ein snau kilometer. Fri-kometen Lars Bakke hang på ein kilometer til, før tet-trioen Morten Velde (Haugesund), Terje Aggvin (Gular) og Kjetil Foss Angveltvedt (Norna-Salhus) forsvann i eit forrykande tempo innover den smale, svingete vegen mellom Vik og Bruvik.

Gularløpar og varaldsøybonde, Terje Aggvin, sørga for å halda farten høg undervegs. Han kunne imidlertid ikkje stå imot då Morten Velde trakka til omlag 700m før mål. Med 14.20 var Morten Velde fire sekund føre den seks år gamle løyperekorden til Kjetil Ramstad, også han Haugesund IL. Tida til Aggvin vart 14.23, medan formsterke Kjetil Foss Angeltvedt frå Norna-Salhus også gjorde eit kanonløp med 14.26. Lars Bakke sprang ned fjorårstida si med tre sekund til 15.04, medan Bjarte Vik kom inn akkurat minuttet bak bestetida si på 14.26.

Vinnar Morten Velde hadde ikkje trudd han skulle springa så fort berre etter ein månad med grunntrening etter sesongpausen.
- Eg flaut lett avgarde i dag, og merka heller ikkje noko mjølkesyre inn mot mål. Med litt tøffare innstilling undervegs, har eg god tru på at tida kunne blitt under 14.10. Men det får bli til 10-årsjubileet neste år. Då kjem eg garantert tilbake, sa Morten Velde etter løpet.
Også resten av herreteten ville koma tilbake neste år for å testa seg i den raske løypa langs idylliske Sørfjorden.

Pernille Thomassen frå BFG-Fana vann kvinneklassen på 17.42 føre heimefavoritten Hilde Aasheim på 18.02. Bente Midtun fekk 19.31, medan Brit-Helen Simmenes gjorde eit gledeleg comeback etter fødsel. Venteleg vil det gå fortare enn 20.23 i neste utgåve av eliteløpet for den meritterte langdistanseløparen frå Osterøy IL.

26 løparar stilte til start i årets eliteløp på Osterøy. Det var 7-8 plussgrader og lett motvind.

Link til heimesida til Osterøy IL.


Resultat
Menn:
Morten Velde 14.20
Terje Aggvin 14.23
Kjetil Foss Angeltvedt 14.26
Lars N. Bakke 15.04
Bjarte Vik 15.26
Robert Guldbrandsen 15.47
Kjell Raa 16.26
Jan Roar Solberg 17.23
Sigbjørn Reigstad 17.41
Stephan Vik 18.43
Vebjørn Borge 18.43
Magne Vikne 18.57
Arne Mjelde 19.04
Birger Hanstvedt 19.49
Kjetil Bruvik 19.57
Joar Vik Larsen 20.21
Trond Rosnes 22.47
Jostein Hesjedal 25.13
Sondre Skaftun 30.39
Kvinner:
Pernille Thomassen 17.42
Hilde Aasheim 18.02
Bente Midtun 19.31
Brit-Helen Simmenes 20.23
Norunn Vik Larsen 20.37
Randi Kleppe 26.00
Eva Fjellstad 30.37


Magne Vikne (Osterøy), Morten Velde (Haugesund), Kjetil Foss Angeltvedt (Norna-Salhus) og Terje Aggvin (Gular)




Forventningsfulle deltakarar rett før start



Morten Velde stormar mot mål



Bjarte Vik



Sigbjørn Reigstad



Hilde Aasheim



Brit-Helen Simmenes



Frå barneløpet



f.v. Hilde Aasheim (Osterøy), Pernille Thomassen (BFG-Fana) og Bente Midtun (Osterøy)



f.v.: Morten Velde (Haugesund), Terje Aggvin (Gular) og Kjetil Foss Angeltvedt (Norna-Salhus)
Foto: Vidar Simmenes
Tekst: Bjarte Vik