Eit+startfelt+p%E5+25+l%F8parar+legg+av+g%E5rde.+7+av+dei+skal+springe+10%2C4+km%2C+resten+halvmaraton.+%28Foto%3A+Terje+Gilberg%29
Eit startfelt på 25 løparar legg av gårde. 7 av dei skal springe 10,4 km, resten halvmaraton. (Foto: Terje Gilberg)
Løypa i Sokndal er av dei flottaste i fedrelandet der ho snor seg langs elva Sokno. Kyr og sauer beitar harmonisk langs traseen, og løypevaktene har eit oppmuntrande smil på lur. Sokndal var første "Langsame byen" (Cittaslow) i Noreg, og med det ønsker tettstaden å setje menneske og miljø i sentrum.

Dermed ikkje sagt at det går sakte med halv- og kvartmaratonløparane. Ronny Hognestad får ei luke med det same og aukar jamt og trutt heile vegen. I mål er sigersmarginen på mest tre minutt.

Løypa i Sokndal er kontrollmålt og høgdeskilnaden er ikkje større enn at ho må kallast ei rask løype. To av kilometrane går på grus, resten på asfalt.

Deltakinga har vori større før, og vil heilt sikkert bli det igjen. I år mangla løpet på Kondis si Terminliste, og det var difor litt for få som visste at løpet ville bli arrangert.

Resultat halvmaraton

Kvinner

1. Brit Regnhildstveit, Statoil BIL 40-44 år 2.02.18
2. Anja Bergkvam 40-44 år 2.11.35

Menn

1. Ronny Hognestad, GTI 21-34 år 1.16.16
2. Runar Gilberg, SK Vidar 40-44 år 1.19.11
3. Jan A. Larsen, BP 50-54 år 1.26.56
4. Jon Erling Iversen, PWC 40-44 år 1.28.56
5. Arnt G. Egeland, Bjerkreim IL 40-44 år 1.35.52
6. John Olav Barstad 35-39 år 1.36.34
7. Steinar Skarås, Titania AS 60-64 år 1.38.35
8. Lars Hjelleset, Nor-Dan 60-64 år 1.39.36
9. Pål Corneliussen, Halliburton 19-34 år 1.40.42
10. Egil Thunestvedt, Sus Egersund 45-49 år 1.42.27
11. Harald Sel, Bryne FIK 60-64 år 1.45.43
12. Raymond Harouny, Bjerkreim IL 35-39 år 1.46.49
13. Oddvar Meisland 35-39 år 1.47.26
14. Ingvar I. Vigre, Orre 65-69 år 1.47.40
15. Trygve Strand, Varhaug 70-74 år 1.48.01
16. Leif O. Svela, Bjerkreim Maraton IL 50-54 år 1.50.56


10,4 km

Kvinner

1. Line Skåland Gilberg, Moi IL 1.30.32

Menn

1. Thomas Hetland, GTI 39.59
2. Magne Egeland, Bjerkreim IL 40.54
3. Geir Haugland 43.29
4. Svein Haugland, Lemmikainen 43.30
5. Stian Skåland Gilberg, Moi IL 1.12.25
6. Emil Skåland Gilberg, Moi IL 1.30.33

Reportasje på kondis.no frå Sokndal halvmaraton i fjor
Anja Bergkvam stormar mot mål
Det var med to kvinner i Sokndal halvamaraton, og her ser vi Anja Bergkvam bli teken imot av ein tohendt tidtakar.
Brit Ragnhildstveit med den store pokalen
Brit Ragnhildstveit kunne ta med seg ein heller vaksen pokal og ein liten statuett heim etter å ha vunni halvmaratonløpet.
Seier og halvmaratonpers på Ronny Hognestad
GTI-guten Ronny Hognestad sprang sin raskaste halvmaraton nokon gong, og var godt nøgd med både tida og gjennomføringa. Kommande helg har 26-åringen planar om å springe 10 km i Mandalsmaraton. (Foto: Terje Gilberg)
Jan A. Larsen spurtar inn til tedjeplassen
Heima fram av beitande kyr sprang Jan A. Larsen inn til tredjeplass i Sokndal halvmaraton.

- Det går litt seinare enn før, men noko anna kan ein vel ikkje vente ettersom åra blir fleire og treningstimane færre, meinte 54-åringen frå Stavanger. (Foto: Terje Gilberg)
Ungdommeleg pågangsmot
Det ungdommelege innslaget i Sokndal stod Stian (til venstre), Emil og Line Skåland Gilberg for. Dei sprang alle 10,4 km, og ei slik utfordring krev både humør og mot når ein ikkje har trena i meir enn 10, 7 og 11 år. (Foto: Terje Gilberg)