Sluseløpet tek i bruk sosiale media
Facebook og ei ny heimeside er nokre av virkemidla Sluseløpet tek i bruk. www.skjoldastraumen.no

Stor PR-innsats
Kondis likar at arrangørar tør å satsa. Om ein har aldri så godt opplegg, hjelper det lite om ikkje folk får vita om arrangementet.
Tysvær Bygdeblad og Haugesunds Avis vart tidleg informert om det som var i ferd med å skje i vesle Skjoldastraumen med ca 800 innbyggarar. 
Og også Kondis vart tidleg kontakta. Og www.kondis.no byggjer gjerne opp om arrangørar som tør å satsa. Ikkje berre direkte sportsleg, men også på idrettsfaglege kurs/føredrag. Arrangøren har vore så smarte og dristige at dei har fått tak i eitt av dei aller største namna i denne samanhengen, nemleg Thomas Alsgaard. I tillegg til sine fantastiske idrettsprestasjonar er han kjend frå "Mesternes Mester" og mange andre TV program. Dette er ein person som folk forbinder med noko positivt.

 


Sluseløpet var nytt i fjor, med suksess. Men arrangørane kviler ikkje på noko laurbær, noko plakaten tydeleg viser.

Føredrag og løp med Thomas Alsgaard.
I sitt andre arrangement satsar dei på føredrag med Thomas Alsgaard på laurdag og løp med same Alsgaard på sundag.

Nesten 100 påmelde 14 dagar før start.
Alt 14 dagar før løpet er det om lag 100 påmelde i Sluseløpet i Skjoldastraumen i Nord-rogaland, ikkje langt frå Haugesund. Løpet er 4.4 km og går i ei åttetalsløype med sentrum i sluseområdet.  Litt grus. litt gras og mest asfalt.


Thomas Finshus t.v. løpsgründer, vann sitt eige løp i fjor.

I form til livet 2
Det var mykje folk på debuten til Sluseløpet i 2011. No trappar arrangøren i Skjoldastraumen Bygdelag opp eitt hakk på opplegget.