Ingressbiletet viser ein av dei gode kjendisane som var med i fjor - ANDERS AUKLAND. Kven som kjem i år veit ikkje arrangøren sikkert, men løyperekordhaldar Thomas Vestbø har antyda at han er klar også i år. 23.16 på 1750 m i "Brattaste løp i verda". Arrangøren garanterar attpå motbakke heile vegen. (Dei som har deltatt veit at det er ei strekning på 20 m som er tilnærma flat...).

Kor er Langfoss?
I Åkrafjorden i Etne kommune i Hordaland. Vel 3 mil vest for Odda, og vel 8 mil aust for Haugesund (byen med det knallgoé fotballaget). Langfoss er kåra av av National Geographic og CNN som ein av dei ti vakraste fossane i verda.


"Kven er vakraste i verda her...?" Vanskeleg å seia, men Langfoss er i alle høve litt av eit syn!

Løyperekordhaldar for jentene er toppsyklist Elin Steinsbø Fylkesnes. I fjor flytte ho løyperekorden nærmare herre-rekorden. Tid: 26.28. Elin og Thomas har vunne begge dei to åra løpet har vore arrangert. I fjor var det også topp kenyansk deltaking, men dei ga prov på at flatløp og motbakkeløp er to forskjellige idrettar, for dei hamna eit stykke ned på lista.

Overraskingar i fjor
www.kondis.no skreiv om 18-årige Vegard Årthun som kom på 2. plass og slo kenyanarane, og sjølvaste Anders Aukland! Dette oppslaget fekk veldig mange treff. I tllegg var den unge skiløparen Bjørnar Larsen som la opp i ung alder "come back kid". Slike overraskingar likar arrangørane. 

All informasjon ein treng er å finna på:  www.langfossopp.no Der finn du og resultatlista frå 2011.

Vegard Årthun Bergane med super 2. plass i 2011. Eit stort talent!

Nye ting i 2012:
Trimmarane får gå to timar før konkurranseklassen og utan tidtaking. Startavgifta vert i tillegg halvert til kr 120.-. konkurranseklassen startar i puljar som i fjor og har same startavgift som dei to fyrste åra kr 250.-. Pengepremiar til dei 6 raskaste med kr 5000.- til raskaste kvinne og mann.


Thomas Vestbø ein av dei beste motbakkeløparane i Noreg. Han vart og nr 10 i NM på ski.


I fjor gleda Bjørnar Larsen arrangørane med eit aldri så lite come back. Dei vonar han og dei fleste av dei 134 deltakarane stiller opp igjen. (Biletet er lånt frå eit anna løp).


Elin Steinsbø Fylkesnes med kjempeflott prestasjon i 2011.


Francis Kipketer Chesumei vann Montreal Marathon i 2009. Vart slått i Langfoss Opp av m.a. 18 årige Vegard Årthun Bergane i fjor.


Johannes - og Kristian Silde (far og son) er flinke motbakkeløparar.                                                 Foto: Olav Samland