Verdas brattaste løp kunne arrangøren slått stort opp, men nett det har dei ikkje gjort. Derimot har dei garantert motbakke heile vegen. Det stemmer ikkje heilt. På prøveløpet på torsdag ca 30 personar i løypa), fann me eit parti på 15 m som var nesten flatt...?

Langfoss Opp er eit av to løp langs Åkrafjorden som gir Kondis-medlemmer dobbel medlemsrabatt ved påmelding, så her er det kr 50 å spare for medlemmer av Kondis. Foreløpig er rundt 100 påmeldt i klassa med tidtaking.

Start ved verdens vakraste foss - ved Langfoss kiosk på E- 134 i Åkrafjorden i Etne kommune.
Fyrst kåra lesarane på nettsida til National Geographic i 2006 Langfoss som verdast vakreste. Så var det CNN som kåra Langfoss til ein av dei 10 vakraste fossane i verda. Veldig mange stoppar og fotograferer ved Langfoss kiosk. Trafikken er så stor at det ligg føre planar om utviding. Rett over vegen for kiosken er starten på dette spektakulære løpet. Start 15 m over havet og mål på 650 m.o.h. Arrangøren har vore ute med GPS og sett opp skilt pr 100. høgdemeter.

"Spektakulært løp" i følge Vasaløparen
Magasinet  "Vasaløparen" brukte "Langfoss Opp" og eit bilete herifrå som illustrasjonsbilete på eksklusive løp i den norske motbakketrenden.

Anders Aukland kommer
Til høgre ser du éin av berre tre nordmenn som har vunne Vasaloppet - største skirenn i verda. Ole Ellefsæter vann i 1973, Anders i 2004 og broren, Jørgen Aukland, i 2008. Anders Aukland har no meldt seg på til Langfoss Opp laurdag 25. juni. Har har både OL- og VM-gull og mange andre store sigrar. (Foto av Anders Aukland: Foto: Per Inge Østmoen)

Elin Steinsbø Fylkesnes, Bømlo Sykkelklubb og Thomas Vestbø, Vindafjord IL 
Langfoss Opp vart arrangert fyrste gong i fjor med 134 deltakarar på tid. ein trimklasse med fellesstart på tid og éin konkurranseklasse med intervallstart to timer seinare.

Elin Steinsbø Fylkesnes frå Bømlo, NM sølv på tempo (sykkel) i fjor, brukte 27.36 og fekk den fyrste løyperekorden for kvinner. Ho er klar for start også i år.

Thomas Vestbø frå Vindafjord er kjend ung skiløpar og enorm i motbakke. Han fekk herrerekorden i fjor på 23.34. Han sprang visst nok litt feil, så her er meir å gå på.

I konkurranseklassen førehandspåmelding
Arrangøren har ei heilt ny heimeside: www.langfossopp.no med online påmelding. Dei som skal springa i aktiv klasse må melda seg på snarast.

Solid premiering
Kr 5000.- til raskaste kvinne og mann på toppen. deretter kr 3000,. kr 1500,- kr 1000.-, kr 750,- og kr 500.- for 6. plass. I tillegg er det løyperekord med kr 2000.-. ETNE SPAREBANK er ein raus sponsor! Også Kyrping Camping har teke spanderbuksene på. Kr 5000.- trekkast blant alle som fullfører!

Samarbeid med Hovlandsnuten Opp - kr 1500.- å vinna
Dei som fullfører begge løpa, er med i trekking av kr 1500,- spandert av dei to løpa i fellesskap.

Alle må ha sekk med minimum 2 kg
For dei under 11 år er det nok med 1 kg tøybyte på ryggen, men alle andre må ha sekk med minimum 2 kg. Har ein litt for lite får ein gratis grillmat med seg ved start. Dette er inkludert i startavgifta. Det vil vert fyrt opp grill inne på Langfoss-støl 10 -15 minutt vidare inn i fjellet. Her er det flott høve til å bada i den stilleflytande elva. GLØYM IKKJE FOTOAPPARAT!

Sjå elles løpets annonse i høgremenyen på www.kondis.no


Elin Steinsbø Fylkesnes fyrste rekordhaldar. Kan ho forbetra tida...? Sonen Johannes 
- berre 10 år - løp på fantastiske 32.51!


For arrangøren i Åkrafjorden (også for Langs Åkrafjorden 13. august) er det viktig med kvalitet. 


Arrangøren har fått antydning at Thomas Vestbø vil forsvara seieren...


Johannes Silde så vidt slått av sonen Kristian berre 9 år i fjor. 39.01 på begge.


  Kvalitetsstempel frå Kondis er arrangøren stolt over.