Ingressbiletet: Naryna Novik har vunne dei to fyrste løpa i Klypetuss-karusellen. Vinn ho stt tredje?

Løyperekordar: Miriam Berg Hovda,
Haugesund IL  4.08 min. og Johannes Alne,  Ås IL 3.28 min. Løype på 1269 m målt med målehjul (det tyder at traseen sannsynlegvis er nokre få meter kortare).

Spektakulær trasé langs Stordalsvatnet
For å koma til start tek ein av frå E 134 ved Lauareidsvingen, ned mot Frette. Då har ein ca 1.5 km til start.
Stordalsvatnet er 12 km langt.

Kjempeflotte oppvarmings - og nedjoggingsmogelegheiter

På Frette er det mange flotte km i tilllegg til traséen til oppvarming og nedjogging. Inn til garden Flåte. Det er 3 km kvar veg. Elles er det superflott å springa inn mot Øyno, den inste delen av Stordalen. Her kan ein springa i 12 km utan biltrafikk og sjå fossekall, hare, hjort og kanskje ein rev. Ja, her har me og sett elg og reinsdyr.

Fest og basar med ungdomslaget
Etter løpet har arrangøren eit fruktbart samarbeid med Sævareid-Stordalen Ungdomslag og Håland Grendahus. Ungdomslaget held hus og skipar til bingo, Håland Grendahus sel, rømmegraut, kaffi og brus og IF Klypetussen tek seg av premietrekking og premiering for øvrig.

Ein ekstra attraksjon har arrangøren å by på denne gongen. Linas Daikinivicius og dottera Jota frå Lithauen spelar og syng. Far spelar horn og dottera på 14 har ei flott røyst. 

Premiering med pengar og HardangerBestikk
Med startkontingent på kr 20,- er det ikkje dei heilt store premiane. Kr 300.- i fyrstepremie til raskaste kvinne og mann pluss Hardangerbestikk er ikkje så verst. Set ein løyperekord er det kr 300.- i tillegg.


Ikkje nett London Marathon - men deltakinga i Klypetuss-karusllen har auka dei siste åra.