- Ut frå føresetnandane må vi seia oss nøgde, men vi kunne med fordel drege ned ein dag tidlegare. Då hadde utøvarane fått tilpassa seg betre til både temperatur (ca +25C) og høgd over havet (ca. 1200 m.o.h), og prestasjonane hadde truleg vorte betre, seier Osnes.

Beste av dei norske vart Kirsten Marathon Melkevik frå BFG Fana i kvinner senior, ho hamna på ein 9. plass med tida 50,34 min. Her vart Kjersti Karoline Danielsen frå SK Vidar nr. 13, og May Britt Buer frå IL Gular nr. 22. Totalt gjennomførte 54 utøvarar den 8,5 km lange kvinneløypa, og resultata til dei norske utøvarane gav dei ein 4. plass av totalt 12 lag ii lagskonkurransen.

Best av dei norske herrane, vart fyrste års junioren Gaute Kvåle (16) frå Røldal IL. Han var ein periode heilt oppe på ein 6-7 plass, men fekk det litt på slutten og hamna på ein 12 plass med tida 47,52 min. Her fekk elles Tommy Haga, Sandnes IL ein 19. plass. Totalt gjennomførte 54 juniorar den same løypa som kvinnene (8,5 km).

Av herrar senior, gjorde Øystein Sylta frå SK Vidar det best med ein 21. plass på tida 1 t 2 min og 47 sek. Her vart elles Øyvind Heiberg Sundby frå Tjalve nr. 38 og Torstein Tengsareid frå Skjalg nr. 51 av totalt 78 startande i den 12,2 km lange løypa.
Resultata til dei norske herrane gav dei totalt ein 11. plass av 17 lag i lagkonkurransen.

For fullstendige EM resultat, sjå; http://www.emrc2011bursauludag.org/en/?p=392