Årets Bruløp (10km) og halvmaraton
vert arrangert onsdag 22. juni

Starten er i år flytta til ein kvardag, nærmare bestemt onsdag 22. juni, og starttidspunktet er kl 18:00. Halvmaratonløpet startar frå Fylkesnes Bil på Heiane og ein spring over bruene og snur ca 2 km etter Gassasundet og spring tilbake til start, medan Bruløpet startar ca 1,5 km ovanfor Gassasundet mot Svortland og har mål ved Fylkesnes Bil. Transport frå Fylkesnes Bil til start 10 km er kl 17.15 (møter ein etter dette må sjølv sørge for å komme seg til start).

Påmeldinsfrist: tysdag 21.juni på e-mail: hystad-90@hotmail.no Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa eller mobil 48025610 (Jacob Hystad)

Startkontingent: 150,- Halvmaratonløpet/ 100,- Bruløpet. + 50,- kr ved påmeldig ved start.

Bankkontonr.: 3520.55.71831

Premiering: 3 beste løparar for menn/kvinner i begge løp + trekkning av gåvepremiar

Drikkestasjonar ved: 3,8,13 og 18 km for 1/2-maraton; 2 og 7 km for Bruløpet