Glimrande med og utan ski.
Bjørnar Larsen, Vindafjord IL på ski og Haugesund IL på barmark. Har vunne fleire store motbakkeløp mot topp motstand til dømes Nuten Opp i Rosendal mot juniorverdmeister Chris Jespersen. 2 -3 veker seinare måtte Chris setja løyperekord i "Hålandshovda é Toppen" for å halda Bjørnar bak seg.
Som 15 - 16 åring hugser me han ligga utmatta etter målpassering i det kjempestore Ølmedalen Rundt i klasse med dei aller beste vaksne. Grunn: han har ein fantastisk evne til å "gå i kjellaren" og å gje absolutt alt.

"Come back" i Langfoss Opp laurdag 25.6.
Om hr Larsen ikkje er trent som på sitt aller beste, så vil det  vera spennande å sjå kva han presterer. Uansett er han særs velkomen. Slike talent kan ikkje gje seg berre 24 år gamle. Arrangøren er glade for at han stiller, og vonar Langfoss Opp gjev meirsmak. Hans gamle treningskamerat Thomas Vestbø stiller som fjorårsvinnar, og løyperekordhaldar.

Mange store namn påmeldt
Elin Steinsbø Fylkesnes, fjorårsvinnar og løyperekordhaldar får kjempa med NM gullvinnar på maraton og glitrande motbakkeløpar, Marit Årthun. OL-gullvinnar, Vasaloppsvinnar og med Egebergs Ærespris - ANDERS AUKLAND er påmeldt. Likeins Robert Limo og Francis Kipketer Chesumei, begge frå Kenya. Sistnemnde har vunne fleire internasjonale maraton m.a. i Montreal med 20000 deltakarar! Pers 2.10.47. Her blir det spennande!


  Francis Kipketer Chesumei 2.10.47 på maraton er komen til Etne. Kan han motbakkeløping?


  Anders Aukland med både OL - og VM gull kjem!


 "The Come back - kid" Bjørnar Larsen er påmeldt!


  Løyperekordhaldar Elin Steinsbø Fylkesnes er påmeldt!


Noregsmeister påmaraton og knallgod motbakkeløpar, Marit Årthun er påmeldt!



  Den store overraskinga i Langfoss Opp? 18 år gamle Vegard Årthun Bergane - ein særs god løpar.


 
  Kongen av Langfoss, Thomas Vestbø. Er han framleis det etter årets Langfoss Opp?