Det+var+Sindre+Buraas+mot+resten+-+veldig+lenge.+Men+p%E5+andreplass+i+feltet+bak+ligg+ein+spurtsterk+kar+fr%E5+Steinkjer%2C+Eivind+Jensen.+
Det var Sindre Buraas mot resten - veldig lenge. Men på andreplass i feltet bak ligg ein spurtsterk kar frå Steinkjer, Eivind Jensen.
Sjølv om han på førehand var nemnd mellom dei som kunne overraske, så var det overraskande at Eivind Jensen skulle springe inn til medalje og i enda større grad at han skulle ta gullet frå Sindre Buraas. For det var mest som eit lite ran. Leiinga til Hurdal-løparen var både stor og tilsynelatande trygg. Men det gjekk som det gjekk i tre av dei fire løpa på laurdag - den som hadde luke i store deler av løpet, kom ikkje først til mål.

Eivind Jensen er 800 og 1500 m-løpar medan Sindre Buraas sysler med langrenn om vinteren. Begge viste seg å vera sterke terrengløparar. I stafetten dagen etterpå fekk Buraas ein slags revansje. Da var det hans tur til å komma bakfrå og spurte inn til siger i kamp mot mange av dei beste seniorane.

Eivind Jensen har trent ein del med Henrik Sandstad i Steinkjer, og han kunne stadfeste at dei hadde "avtala" at han sjølv skulle ta medalje i junior-NM medan Henrik skulle klare EM-kravet på maraton i London. Og det såg ut til at dei hadde inspirert kvarandre.


Resultat menn junior 2 km

Les meir om Sindre Buraas sin sterke innsats på Romerikssidene
Jonas Legernes og Lars Bakke i duell om bronsemedalje
Jonas Legernes (48) som er fødd i 1991, var ein av dei yngste i feltet. Men stortalentet frå Tyrving beit godt ifrå seg, og i spurten var han hakket kvassare enn Lars Bakke.