N%E5r+motbakkane+blir+bratte+ser+det+ut+til+at+det+er+ingen+i+Noreg+som+klarar+%E5+sl%E5+Jon+Tvedt+og+Anita+H%E5kenstad+Evertsen.+Foto+Chr.+Presteg%E5rd
Når motbakkane blir bratte ser det ut til at det er ingen i Noreg som klarar å slå Jon Tvedt og Anita Håkenstad Evertsen. Foto Chr. Prestegård
Det blei over 100% auke i talet på deltakarar og i mål blei det tomt for medaljar lenge før dei siste var i mål.Sunnmøringane hadde gått mann av huse for å bli med på oppturen og heie fram og opp dei 175 deltakarane i konkurranseklassane. Av desse deltok 94 menn og 12 kvinner i NM. Om lag 620 hadde registrert seg i trimklassa i alderen frå 5 til 78, men det var minst 200-300 til som tok turen til topps utan å betale startkontingent. Det blei ei praktfull ramme rundt det andre NM motbakkeløp og arrangøren fortener ros for gjennomføringa av arrangementet. Dette var flott PR for den nye folkesporten motbakkeløping som er i rivande vekst og utvikling mot stadig nye toppar og oppturar. Motbakkeløparane har no eit særs hektisk program. Allereie 12. august er arenaen Fanaråken 2.083 moh i Luster Kommune med Fanaråken Duatlon og Turtagrø-Fanaråken Opp, og 19. august kjem turen til Skåla 1848 m rett opp i Stryn Kommune.

I motbakke-NM i Ørsta blei det favorittsiger til motbakkekongen Jon Tvedt med Øystein Sylta på 2. plass og overraskelsesmannen Thormod Tjørnhom på 3. plass halvminuttet føre beste skiløpar Kristen Skjeldal på 4. plass. Fjorårets motbakkedronning Anita Håkenstad Evertsen var i år ikkje favoritt etter at ho blei slegen av Kirsten Melkevik Otterbu i Varden Opp tidlegare i år, men i Ørsta viste Anita kven som er best i Noreg til å springe bratte motbakkar. Ho slo Kirsten med 2 minuttar og kopierte NM sigeren frå i fjor. Sjå resultatlista på www.saudehornet.no. Klikk på Link Som det går fram av bileta var det praktfulle løps- og fotoforhold. Orda strekk ikkje til i formidlinga av oppturane til Saudehornet og det er best å la bileta fortelje historia
Anita Håkenstad Evertsen , Øystre Slidre IL mot NM Gull
Ved+passering+800+h%F8gdemeter+har+Anita+rykka+fr%E5+Kirsten+som+er+uta+av+syne+og+tauar+her+p%E5+Andre+Haugsb%F8+og+%D8yvind+Sandbakk+%28raud+caps%29.+Foto+Anne+Jenny+Dvergsdal
Ved passering 800 høgdemeter har Anita rykka frå Kirsten som er uta av syne og tauar her på Andre Haugsbø og Øyvind Sandbakk (raud caps). Foto Anne Jenny Dvergsdal
Motbakkekongen Jon Tvedt IL Gular
Jon+30+meter+fr%E5+m%E5l+og+NM-Gull.+Foto+Christian+Presteg%E5rd
Jon 30 meter frå mål og NM-Gull. Foto Christian Prestegård
Kirsten Melkevik Otterbu BFG Fana
Dei+siste+250+h%F8gdemetrane+er+bratte.+Her+er+Kirsten+30m+fr%E5+m%E5lstreken+og+NM+s%F8lv+vel+2+min.+bak+fjellgeita+Anita.+Foto+Chr.+Presteg%E5rd+
Dei siste 250 høgdemetrane er bratte. Her er Kirsten 30m frå målstreken og NM sølv vel 2 min. bak fjellgeita Anita. Foto Chr. Prestegård
Øystein Sylta Sk Vidar
%D8ystein+ser+fram+til+ei+flatare+l%F8ype+i+VM+i+motbakkel%F8p+i+Tyrkia+10.+september+Her+blei+det+NM+S%F8lv+2+minuttar+bak+Jon.+
Øystein ser fram til ei flatare løype i VM i motbakkeløp i Tyrkia 10. september Her blei det NM Sølv 2 minuttar bak Jon.
Tormod Tjørnhom, IK Tjalve
Dagens+overraskelsesmann+Tormod+Tj%F8rnhom+p%E5+veg+mot+NM+bronse+37+sekundar+framfor+Kristen+Skjeldal+p%E5+4+plass.+Foto+Anne+Jenny+Dvergsdal
Dagens overraskelsesmann Tormod Tjørnhom på veg mot NM bronse 37 sekundar framfor Kristen Skjeldal på 4 plass. Foto Anne Jenny Dvergsdal
Merete Helgheim Gloppen FIL
30.+juli+vann+Merete+Eggenipa+Opp+og+her+er+ho+p%E5+veg+mot+NM-bronse.+Foto+Anne+Jenny+Dvergsdal
30. juli vann Merete Eggenipa Opp og her er ho på veg mot NM-bronse. Foto Anne Jenny Dvergsdal
Kristen og 5-åringen Olav
150+h%F8gdemeter+nedanfor+m%E5l+m%F8tte+Kristen+Skjeldal%2C+p%E5+nedtur%2C+dagens+yngste+deltakar+5-%E5ringen+Olav+Dvergsdal+Presteg%E5rd+p%E5+opptur.+M%F8tet+med+Kristen+gav+ekstra+motivasjon+for+Olav+som+for+til+topps+som+ei+fjellgeit.Foto+Chr.+Presteg%E5rd
150 høgdemeter nedanfor mål møtte Kristen Skjeldal, på nedtur, dagens yngste deltakar 5-åringen Olav Dvergsdal Prestegård på opptur. Møtet med Kristen gav ekstra motivasjon for Olav som for til topps som ei fjellgeit.Foto Chr. Prestegård
Kristen Skjeldal Bulken IL
Kristen+blei+beste+skil%F8par+i+NM+med+4.+plass.+Foto+Chr.+Presteg%E5rd
Kristen blei beste skiløpar i NM med 4. plass. Foto Chr. Prestegård
Øyvind Heiberg Sundby , IK Tjalve
%D8yvind+Heiberg+Sundby+overraska+med+5+plass+i+NM+berre+18+sekundar+bak+Skjeldal.+Foto+Anne+Jenny+Dvergsdal
Øyvind Heiberg Sundby overraska med 5 plass i NM berre 18 sekundar bak Skjeldal. Foto Anne Jenny Dvergsdal
17 åringen Sindre Buraas Hurdal IL
Imponerande+l%F8p+av+17-%E5rige+Sindre+Buraas+som+satsa+friskt+i+starten+og+ligg+her+framfor+Morten+Eilifsen%2C+I+m%E5l+vart+Sindre+nr.+9+og+Morten+nr.+6.+Foto%3A+Anne+Jenny+Dvergsdal
Imponerande løp av 17-årige Sindre Buraas som satsa friskt i starten og ligg her framfor Morten Eilifsen, I mål vart Sindre nr. 9 og Morten nr. 6. Foto: Anne Jenny Dvergsdal
Hans Martin Gjedrem , Valldal IL
I+fjor+tok+Hans+Martin+bronse+i+NM.+I+%E5r+har+han+ikkje+priortert+l%F8ping+og+ddet+blei+7+pl.+i+%D8rsta.+No+er+det+100%25+fokus+p%E5+skiskyting+der+han+tok+NM+gull+p%E5+20km+i+2005.+Foto+Chr.+Presteg%E5rd
I fjor tok Hans Martin bronse i NM. I år har han ikkje priortert løping og ddet blei 7 pl. i Ørsta. No er det 100% fokus på skiskyting der han tok NM gull på 20km i 2005. Foto Chr. Prestegård
Peder Arne Sylte, Rana FIK
Det+var+trangt+om+plassen+p%E5+m%E5lstreken+d%E5+Peder+Arne+kom+i+m%E5l+til+klassesiger+i+kl.+50-54.+For+meg+blei+det+gledeleg+gjensyn+med+den+gamle+toppl%F8paren+som+i+1984+tok+NM-gull+p%E5+5000m+og+har+pers.+p%E5+13.46+p%E5+5000m+og+28.54+p%E5+10000m.+I+1982+sprang+eg+fredsstafetten+fr%E5+Oslo+til+G%F8teborg+saman+med+Peder+Arne.+Foto%3A+Chr.+Presteg%E5rd+
Det var trangt om plassen på målstreken då Peder Arne kom i mål til klassesiger i kl. 50-54. For meg blei det gledeleg gjensyn med den gamle toppløparen som i 1984 tok NM-gull på 5000m og har pers. på 13.46 på 5000m og 28.54 på 10000m. I 1982 sprang eg fredsstafetten frå Oslo til Gøteborg saman med Peder Arne. Foto: Chr. Prestegård
Motbakkevinnaren Lars Eivind Sulheim
Lars+Eivind+Sulheim%2C+B%F8verdalen+IL%2C+spring+motbakkel%F8p+nesten+kvar+helg+og+det+gjer+han+raskast+av+alle+i+kl.+55-59.+Det+blei+ny+klassesiger+i+%D8rsta+der+han+ogs%E5+var+raskaste+l%F8par+over+50%E5r.+Foto+Chr.+Presateg%E5rd
Lars Eivind Sulheim, Bøverdalen IL, spring motbakkeløp nesten kvar helg og det gjer han raskast av alle i kl. 55-59. Det blei ny klassesiger i Ørsta der han også var raskaste løpar over 50år. Foto Chr. Presategård
Christina+D.+Presteg%E5rd%2C8+%E5r%2C+p%E5+opptur+m%F8ter+Sunnm%F8rsposten+ved+June+R.+Johansen+p%E5+nedtur.+Fr%E5+venstre+ser+vi+June%2C+Jarle+Myklebust+%D8rsta+IL%2C+Olav+K%E5re+Kusslid%2C+F%F8rde+IL+og+Kjell+Olav+Kusslid+F%F8rde+IL.+Foto+Chr.+Presteg%E5rd
Christina D. Prestegård,8 år, på opptur møter Sunnmørsposten ved June R. Johansen på nedtur. Frå venstre ser vi June, Jarle Myklebust Ørsta IL, Olav Kåre Kusslid, Førde IL og Kjell Olav Kusslid Førde IL. Foto Chr. Prestegård