Ingressbilde: Anita og Kirsten som i fjor tok 4. og 8 pl. i VM i motbakkeløp.

I år har både Anita og Kirsten eit realistisk mål om å kunne gjere det minst like godt i EM som i VM og då er ikkje en EM-medalje langt unna korkje individuelt eller i lagkonkurransen ! Sjå reportasjen frå VM i fjor her. VM i motbakkeløp 2006

I fjor hadde Noreg teke GULL i VM for lag dersom Noreg hadde hatt med ei tredje dame på laget som ikkje hadde vore lenger bak Kirsten enn 2 min og 40 sekundar. Dvs blant dei 35 beste.

I år stiller Noreg med damelag i EM. Det er den ferske Noregsmeistaren på halvmaraton Christina Bus Holth , Sk Vidar som har fått den tredje plassen på laget. Christina er på opptur og blei sist helg nr 3 i det 10 km lange Stadsloppet i Karlstad på 35.28.

Til dei som lurer på kvifor ikkje Therese Johaug, Susanne Wigene, Kristin Størmer Steira, Anne Margrethe Hausken, Marianne Andersen eller 10 andre aktuelle namn ikkje er med så kan eg seie at dei er alle uaktuelle av ulike grunnar til den 8. juli. På vegne av NFIF har eg kontakta både Norges Skiforbund og Orienteringsforbundet, og stått på lenge og vel for å få med ikkje minst Therese Johaug som ei 4 dame på laget. Det me har lært no er at NFIF må klare seg sjølv og det skal me også gjere særs godt !
Foto+Christian+Presteg%E5rd.+I+morgon+er+det+berre+%D8ystein+Sylta+%2C+SK+Vidar+%28+nr.+2+fr%E5+venstre%29+som+ikkje+spring+Varden+Opp+av+desse+fire+som+deltok+i+VM+i+fjor.+Jon+Tvedt%2C+Gular%2C+er+skadefri+og+vil+g%E5+til+angrep+p%E5+sin+eigen+l%F8yperekord+fr%E5+ifjor+p%E5+38.09.+%0D%0A%D8ystein+er+sj%F8lvsagt+ogs%E5+teken+ut+til+EM+i+motbakkel%F8p+i+%E5r.+Det+er+ogs%E5+Svein+Inge+Buhaug%2C+Sk+Vidar+og+Tormod+Tj%F8rnhom+%2C+KIF.+Dei+spring+ikkje+Varden+Opp.
Foto Christian Prestegård. I morgon er det berre Øystein Sylta , SK Vidar ( nr. 2 frå venstre) som ikkje spring Varden Opp av desse fire som deltok i VM i fjor. Jon Tvedt, Gular, er skadefri og vil gå til angrep på sin eigen løyperekord frå ifjor på 38.09. Øystein er sjølvsagt også teken ut til EM i motbakkeløp i år. Det er også Svein Inge Buhaug, Sk Vidar og Tormod Tjørnhom , KIF. Dei spring ikkje Varden Opp.
Varden Opp er ei perfekt og særs relevant løype som gjennomkøyring til EM-løypa !
Løypa i fjelløpet VARDEN OPP er 7550 meter lang med ein høgdeskilnad mellom start og mål på 776 meter. Dvs at den gjennomsnittlege stigninga er 10,3% . I EM er kvinneløypa 8,5 km lang med stigning på 975 meter. Dvs. snittstigning på 11,5%. Herreløypa er 12,5 km lang med 1374 høgdemeter mellom start og mål. Dvs. 11,4% gjennomsnittleg stigning. Også underlaget i Varden Opp-løypa er nesten som i EM i Cauterets i Frankrike. Difor er Varden Opp ei ei perfekt og særs relevant løype som gjennomkøyring til EM

Sjå EM-løypa her !

Sjå Varden Opp-løypa her ! Løypeinfo Varden Opp
Topp nasjonal deltaking også i herreklassa
I år får Jon Tvedt tøffare konkurranse i Varden Opp enn han hadde i fjor. Skiløparen Tore Ruud Hofstad har dokumentert at han kan springe fort i motbakkar som liknar på Varden Opp løypa. I Tryvann Opp 9. juni vart Tore 3.beste nordmann og i fjor slo han Jon Tvedt i Mosviksendaren Opp.
Foto+Christian+Presteg%E5rd.+Her+jublar+Tore+over+%E5+ha+slege+b%E5de+Petter+Northug+og+Jon+Tvedt+I+Mosviksendaren+Opp+i+fjor.+
Foto Christian Prestegård. Her jublar Tore over å ha slege både Petter Northug og Jon Tvedt I Mosviksendaren Opp i fjor.
Meld deg på til Varden OPP og gjer ditt til at motbakkeløp-bølgja omsider også kjem til Sulefjellet !
Arrangøren etterlyser spesielt fleire trimmarar som kan være på toppen og lage ei praktfull stemning når konkurranseløparane kjem i mål ca. kl. 13.38. Fellestarten i Konkurransseklassane er kl. 13.00, medan trimmarane kan starte frå kl. 11.00 !

Sjå meir info inkl. om påmelding her:www.vardentilvarden.no

Ring evt. også Kåre Bakken på tlf. 95 12 79 62, eller Trygve Holm på tlf. 97 76 79 74