Flott "OPPkøyringsløp" til NM i motbakkeløp 28. juni
Løyperekordhaldar Kristen Skjeldal ønskjer heile Noreg velkomen til Voss og motbakkeløpet Hanguren Opp 21. juni,- som prolog til ekstremsportveko. Det 3350m lange og 620 høgdemeter bratte motbakkeløpet Hanguren Opp er ei perfekt løype som oppkøyring til Storehesten Opp med NM i motbakkeløp for senior, junior og veteran 28. juni
Løpsleiar Tore Tvilde kan glede alle oss etternølarane med at han tek i mot (etter-)påmeldingar heilt fram til ein halv time før startskotet smell i konkurranseklassane kl. 14.00. I fjor deltok 150. I år vil også Hanguren Opp bli med på den store oppturen for motbakkeløpa med stor auke i talet på deltakarar. DIFOR ER DET IKKJE ETTERPÅMELDINGSGEBYR !!!

Du kan som sagt melde deg på ved utescena ved Vangsvatnet løpsdagen, MEN løpsleiar Tore Tvilde ( Tel.9074 5583 ) vil sette stor pris på om du no sender e-post med namn, fødselsår og klubb/ lag til tore@tvilde.no og melder deg på med ein gong. Du kan betale startkontingenten ( er i lågpris-segmentet !) ved henting av startnummer.

Sjå info på www.vossfriidrett.org
Kristen Skjeldal ( Biletet )
har løyperekorden for menn på 23.42.

Kjersti Simpson Larsen
har rekorden i dameklassa på 28.45.

Tore Tvilde kunne i dag informere Kondis.no om at løypa no er kontrollmåla til 3350 meter med 620 meter stigning mellom start og mål.

Løpet startar ved utescena ved Vangsvatnet, og løypa går opp på Hanguren via Mølstertunet. Det er gratis tur ned att med Hangursbana !

Hangursrestauranten er open som vanleg denne dagen, og her får du påfyll av energi etter løpet i form av god mat og drikke!



Start trimklasse kl. 11.00 - 13.00.
Start konk.klasse kl. 14.00 (påmelding fram til kl. 13.30).

God premiering med premiar til dei tre beste i kvar klasse og gåvepremiar trekte på startnummer straks etter løpet.

Garderobar: Voss Idrettsplass. Kle (i sekk/bag) vert frakta frå start til mål med Hangursbana. Her slepp du å springe med sekk !
I fjor vart Sjur Røthe,( Biletet) Voss IL, nr. 3 totalt i Hanguren Opp på ny pers 24,58 vel minuttet bak Kristen Skjeldal.
I dag har BA ( Bergensavisa ) eit oppslag om Sjur som jaktar på førebiletet Kristen.

I fjor forebedra Sjur tida si med eit halv minutt. Dersom han no tek eit minutt til så kan det bli tronskifte opp til Hanguren. Det er heller ikkje sikkert at Sjur treng å løpe så fort fordi eg snakka akkurat med Kristen som slit med eit halsonde som vil kunne redusere farten i Hanguren Opp !

Tilbodet om påmelding utan etterpåmeldingsgebyr heilt fram til 30 min før start kan gje både Sjur og Kristen mange overraskingar på startstreken. Joel Dyrhovden ? -fjorårets Noregsmeistar i motbakkeløp i U23/ J22 i Las Sportiva Fanaråken Opp var hakk i hel på Kristen i Powerade Norgescup Motbakkeløp i Ulriken Opp 31. mai.