Storehesten Opp med NM blir eit viktig uttakingsløp til VM !
14. september går VM i Motbakke-fjelløp for både Senior og Junior i Crans Montana i Sveits. Der skal Noreg stille med våre aller beste senior og juniorløparar. I fjor tok Anita Håkenstad Evertsen både EM og VM-gull ! I år satsar Noreg også på lagkonkurransen både i senior og juniorklassa ! Det kan bety 12 deltakarar frå Noreg !
Storehesten Opp i Bygstad i Gaular Kommune har ein løypetrase når det gjeld lengde og høgdeskilnad som passar særs godt som uttakingsløp til VM el. EM i motbakke-fjelløp.

I årets VM ( WORLD MOUNTAIN RUNNING TROPHY ) er løypa for herrer senior
12 km med 1046 meter samla stigning. Dvs. ei gjennomsnittleg stigning på 8,7%

Løypa i Storehesten Opp som du ser nedanfor er 11 km lang med 1209 meter stigning. Dvs. ei gjennomsnittleg stigning på 10,9%.
I både EM og VM i motbakkeløp er det alltid kortare løyper for Kvinner og Juniorklassane.

I Crans Montana 14. sept. er løypa for
Kvinner senior og Menn Junior 8,4 km med 733 meter stigning ( 8,7% stigning)

Kvinner Junior spring ei løype på 4,7 km med 314 meter stigning ( 6,7% stigning )

Sjå fullstendig info om VM ( World Mountain Running Trophy ) på www.wmrt2008.org

Ta deg også tid til å studere reglementet og infoen om EM og VM i motbakkeløp på
www.wmra.info

Sjå reportasje frå EM i motbakkeløp 2007 med Gull til Anita og Bronse til Kirsten !

Sjå også den fyrste artikkelen som eg skreiv om løype-reglement for internasjonale meistarskap i motbakkeløp på kondis.no HER !

Spørsmål kan rettast til:

Christian Prestegård
Medlem EUROPEAN ATHLETICS MOUNTAIN RUNNING COMMISSION
Fagansvarleg og leiar i Norges Fri-idrettsforbunds utval for motbakkeløp

E-mail: christian@prestegaard.no
Tlf. + 47 99 52 11 99