Av Lill Sørensen

Etter ein 14 dagars "pause" etter junior-NM stilte Silje Fjørtoft og Monika Kørra i sitt første terrengløp fredag 19. september i byen College Station sør i Texas. Dette løpet skulle gått helga før, men blei stoppa av Orkanen IKE som herja staten Texas.

Løpet gjekk over 5 km, og 115 jenter frå ulike universitet stilte til start. Silje tok teten frå start, og auka forspranget heile vegen inn mot mål. Ho vann på 16.33,03 og var 36 sekund føre nummer 2. Monika sprang eit godt løp i debuten sin for SMU, og blei klokka inn på tida 17.46,88. Det heldt til ein flott tiandeplass i det store feltet.

Neste løp for Silje og Monika blir 3. oktober i South Bend, Indiana. Da vil òg Silje sin trenar Magne Wullum vera på plass! Begge jentene melder om gode treningsforhold og stor trivsel.
 Resultat - dei beste 
1 FJORTOFT, Silje, SMU 16:33.026
2 BEDELL, Erin, BAYLOR 17:09.790
3 WAITE, Lennie, RICE 17:13.399
4 BRADLEY Danielle, BAYLOR 17:15.422
5 MERICLE, Nicole, RICE 17:17.483
6 JONES, Nichole, BAYLOR 17:26.794
7 MUNOZ, Christina, TEXAS A&M 17:29.813
8 PYE, Allison, RICE 17:31.665
9 VAN WYHE, Renae, BAYLOR 17:33.710
10 KØRRA, Monika, SMU 17:46.882
11 BARNES, Jessi, BAYLOR 17:48.071
12 FORISH, Rachael, SMU 17:54.403

Alle resultat

Reportasje på SMU si heimeside