Thomas Andersen frå Os var suverent best av mennene dei to siste dagane, etter å ha starta litt forsiktig med ein fjerdeplass i det kortaste løpet fredag. Han var svært godt nøygd med løpet.

-VøringfossRace er eit fantastisk løp, sa han til Kondis.no etter målgang. Endeleg er det eit løp for dei som likar å løpe i fjellet, ikkje berre komme opp på ein fjelltopp, sjå fjellet og gå nedatt. Det er mange motbakkeløp, men dette er spesielt. Dette er eit løp både dei som likar både veg, slake bakkar, bratte bakkar og fjelløp.

-Det at løpet går over tre dagar, gjer at dei som trenar mykje får fordel. Eg merka lite til dei to forrige løpa i dag, sa han. Det at ein får springe på fjellet etter motbakkane gjer at ein får løyse opp muskulaturen, så no er eg heilt fin i beina. Ein typisk treningstur for syklisten og fjelløparen frå Os er å sykle opp på fjellet, springe ein tur og sykle nedatt.

-Dette løpet kjem til å bli stort. Han hadde ei bekymring, det er at alle treningskameratane som også likar å springe på fjellet kjem til å komme neste år. Då spørs det om eg klarar å vinne, smilte Thomas Andersen før pengepremien og fruktkassen vart henta.

Fakta om løpet:
Arrangert for andre gong i år.
Distanse fredag: 5,8 km med 500 m stigning
Distanse laurdag: 14,5 km, 1485 meter stigning (i år ca 1200 meter pga verforhold)
Distanse søndag: 22,5 km, 1100 meter stigning.
   
 
May Britt Buer fekk ei samanlagttid på 5:17:19, 35 minutt etter beste mann. Ho var førstemann til topps første dagen. -Min styrke er i motbakkane. Eg er dårleg i nedoverbakkane, sa May Britt Buer. Ho ville difor gjerne hatt målgang på Store Ishaug i laurdagsløpet dersom veret hadde tillete det.

Forma var heller ikkje heilt på topp i dag, medga ho- det vart bryllaupsfeiring til langt på natt.
Beste resultat:


    Menn Dag 1 Dag 2 Dag 3 Samanlagt
1   Thomas Andersen 40:14 1:52:38 2:09:24 04:42:16
2   Bjarne Boge 40:57 2:04:02 2:15:40 05:00:39
3   Peter Olesen 43:10 2:09:23 2:15:28 05:08:01
4   Geir Ove Mjelde 40:24 2:04:08 2:26:32 05:11:04
5   Reidar Matre 42:57 2:08:10 2:23:55 05:15:02
    Totalt 20        
    Kvinner         
1   May Britt Buer 40:06 2:06:46 2:30:27 05:17:19
2   Eli Toril Hellandsjø Bu 59:05 3:18:01 3:47:46 08:04:52
    Totalt 2        




Alle resultat.

Reportasje laurdagsløpet


Danske Peter Olesen, busett på Lanzarote, var ikkje van med norske motbakkar og fjell, men hevda seg godt likevel.



Bjarne Boge frå Odda vart nummer to. Bjarne Boge var, som fleire andre vi snakka med, positiv til at løpet har mål på Fossli alle dagane, og såg gjerne at laurdagsløpet endar her også når det er betre ver enn det var denne gongen. Boge vann klasse 40-49 år.



Reidar Matre var begeistra for løpet og ville ikkje hatt noko imot at det gjekk over ei heil veke!



Kristoffer Tysseland er berre 15 år, men vart nummer fire samanlagt.



Ole Vivelid



Geir Ove Mjelde



Frode Johansen



Dee Cunningham



Knud Hillers



Håvard Boge



Asle Øydvin



Nils Pedersen



Bjørn Hope og Karl David Stakseng ved ca 10 km. Løypa var totalt ca 22 kilometer.



Karl David Stakseng



Daniel Ness



Torgils Bu og Rolf Jenssen



Frode Vittersø



Eli Toril Hellandsjø Bu har akkurat passert ei hytte der heiagjengen var plassert på taket.



Knut Arne Vinge har berre nokre få meter att til mål på Fossli




Vinnarane av den svarte trøya samla på Fossli



Dei tre beste menn og kvinner: Frå venstre Thomas Andersen, Bjarne Boge, Peter Olesen, Eli Toril Hellandsjø Bu, May Britt Buer og Jenny Johnsen som deltok med tidtaking på crewløpet 4.-6. september og kom inn på tida 07:37:00.
Dei som fullførte på tider under 6.9.16 fekk svart trøye, resten fekk oransje. Denne trøya var det også 21 trimmarar som fekk tak i, vilkåret var at dei fullførte alle tre løpa.

I tillegg til dei 22 som deltok i konkurranseklassen var det mange sprekingar som deltok i trimklassen - utan tidtaking:

44 deltakarar fredag
27 deltakarar laurdag
24 deltakarar søndag

Ole Kristian Sæbø (11) vann ny offroadsykkel- uttrekt på startnummer. Han fullførte i trimklassen alle tre dagane. Siste dagen brukte han 3 timar og 20 minutt, og sprang frå far Ragnar opp siste bakkane til Fossli.

Oppsummering:
VøringfossRace fekk ekstremt godt skussmål frå deltakarane
Det var ein ekstremt sprudlande arrangørgjeng
Det var ekstremt bratt i nokre av bakkane og ekstremt fint når ein kom opp på fjellet
Det var ekstremt ver- enten den eine vegen eller den andre
Det er ekstremt freistande å melda seg på neste år - skulle gjerne hatt tak i den ekstremt fine skjorta...


Link til bruk på Facebook og andre nettsider:
http://kondismirror.edbc.no/bilder/bergen/2009/VoringfossRace.html