Kjempesuksess for Åkraløpet i Kvinnherad i Sunnhordland!
Strålande sol og 22 varme gradar. Kondis vart særs godt motteke av dei flinke arrangørane i Matre IL. 

Ny deltakar-rekord i løpsklassen - og totalt
Små og store deltakarar strøymde på.  Sandnes, Tysvær, Etne og Rosendal var av dei plassane folk kom frå.. 58 sprang på tid og 133 gjekk tur i den flotte, men krevande 3.2 km-løypa bygda rundt. Åkrabygda har 160 innbyggarar med smått og stort. Skulekrinsen har totalt 236 innbyggjarar. Det er denne bygda som har gjeve namn til den tre mil lange Åkrafjorden.

Nytt flott løp av Vegard Årthun Bergane
Vegard Årthun Bergane har sjølv løyperekorden på 10.13 på denne tøffe løypa. Denne gongen var han berre 5 sekund bak. Han er ikkje 100% restituert etter å ha gått Noreg på langs. Til Kondis fortalte han at han kun hadde klart intervall-trening ca éin gong i månaden. Denne gongen hadde han god motstand, så han kunne ikkje "lata seg".

Landbruk, turisme, båtfolk - og pub!
Landbruk, småbåtreperatør, butikk, byggenæring, turisme er vel dei viktigaste næringane. Tre nye hytter er oppført og dei er fulle av turistar stort sett heile sommar-halvåret. Her er også ein pub!

P.S. I fjor var det over 3200 som las om Åkraløpet på www.kondis.no 

Jenter: 
1. Ingebjørg Haugland          Uskedal IL        12.59
2. Louise Årthun Bergane       Matre IL          13.23   
3. Veslemøy Haugland           Uskedal IL        14.21

Gutar:
1. Vegard Årthun Bergane       MatreIL           10.18
2. Sindre Omvik                Omvikedal IL      10.32
3. Ronny Nordal                Trio IL           11.08
       
Full resultatliste under bileta.


Vinnaren Vegard Årthun Bergane (nr 90) var berre 5 sekund frå sin eigen løyperekord.  Foto: Kondis
 

Flotte premiar til alle. Mange glade andlet i Åkraløpet. Foto: Kondis           


Mange glade andlet i sola og varmen.                                                                                              Foto: Kondis


Mange glade andlet i sola og varmen. Alle får premie i Åkraløpet.                                      Foto: Kondis


Mykje folk på Åkraløpet.                                                                                                                                   Foto: Kondis

Resultater_Aakraloepet.pdf