BLI MED PÅ JUBILEUMSLØP I BILFRI VAKKER LØYPE.
"Langs Åkrafjorden" starta i 2003 som resultat av at ein lang tunnel vart opna og den gamle vegen vart bilfri. Løypa er nøyaktig 11 km og er kontrollmålt av Kondis.

Kupert, krevande løype, men utruleg flott
Bestetida frå i fjor indikerer at det går an å løpa fort. Laban Siro sprang då dei 11 km på 33.35. Miriam Berg Hovda har bestetida for jentene på 41.28. I fjor var det rivande oppgjer mellom Maryna Novik, Vindafjord IL og Trude Solvi Nordstrøm, (privat) som gjorde come back. Tidene vart 45.06 på Maryna og 45.15 på Trude. Rett bak kom Kjersti Fresvik, Røldal IL på 47.09.

Laban mot vinnar av Montreal Marathon
Det var også spennande i herreklassen. Laban Siro som no representerer IF Klypetussen, låg eit stykke bak Francis Kipketer Chesumei som vann Montreal Marathon i 2009 til ca 5 km. Då vart han teken att av Laban som spring glimrande utfor som det er mykje av frå toppen av løypa ved 2950 m til vel 8 km. Dei siste tre km er mykje opp og ned.

Løypa går frå Kyrping Kro og Bensin og til Åkrafjordtunet
der det er levande musikk, premieutdeling og god mat. Gratis skyss mellom start og mål. Dei som vil gå eller sykla har også eit tilbod. dei startar kl 1200 og utover, medan løparane startar kl 1400.

Flott premiering!
Premiestige:
1. plass kr 2000.-  2. plass kr 1000.- og 3. plass kr 750.-. I tillegg er det kr 1500.- for løyperekord.

I tillegg spanderer Etne Sparebank 3 sjekkar på kr 2000.- kvar som trekkast blant alle deltakarane.

Alle deltakarane får også krus med løpslogo på dei fem fyrste åra dei er med.
Det tiande året får dei eit flott krus på ein oppsats.


Krus med løpslogo dei fem fyrste åra. Fargen på logoen indikerer kor mange år ein har delteke..


Erik Rullestad ein av dei beste lokale løparane. Han representerer Haugesund Il, men kjem frå Fjæra og Rullestad IL, ein av dei tre arrangørklubbane i Fjorda-alliansen + IF Klypetussen og IL Gro.


Tre kenyanarar på topp i 2011: Laban Siro, Francis Kipketer Chesumei og nr 3 Robert Limo.

Langs Åkrafjorden. Menn  ranking.

 

Nr:

Namn:

Klubb:

 

Resultat:

 

 

 

 

 

 

 

1.

Laban Onderi Siro

IF Klypetussen/Kenya

 

33.35

 

 

 

 

 

 

 

2.

Francis Kipketer Chesumei

Kenya

 

34.39

 

 

 

 

 

 

 

3.

Ragnar Stølsmark

GTI-Stavanger

 

35.25

 

 

 

 

 

 

 

4.

Robert Kibor Limo

IK-Ymer Sverige

 

37.24

 

 

 

 

 

 

 

5.

Svein Erik Eide

Korlevoll IL

 

37.34

 

 

 

 

 

 

 

5.

Nils Hetleflåt

Stord IL

 

37.51

 

 

 

 

 

 

 

6.

Gaute Kvåle

Røldal IL

 

38.03

 

 

 

 

 

 

 

7.

Wiktor Berg

Sveio IL

 

38.18

 

 

 

 

 

 

 

8.

Kjetil Lothe

Stegaberg IL

 

38.27

 

 

 

 

 

 

 

9.

Johnny Kibsgård

IL Korlevoll

 

38.34

 

 

 

 

 

 

 

10.

Kjetil Dyrvik

Voss IL

 

38.35

 

 

 

 

 

 

 

11.

Sverre Mohagen

Sandnes IL

 

39.33

 

 

 

 

 

 

 

12.

Thor Arne Dommersnes

Stegaberg IL

 

40.03

 

 

 

 

 

 

 

13.

Thomas Finshus

Stegaberg IL

 

40.10

 

 

 

 

 

 

 

14.

Alf H. Berglie

Røldal IL

 

40.12

 

 

 

 

 

 

 

15.

Erling Skogasel

BIL Zinken

 

40.45

 

 

 

 

 

 

 

16.

Nils Kristian Berge

Røldal IL

 

40.54

 

 

 

 

 

 

 






tre beste jenter i fjor. Frå venstre: maryna Novik, Trude Solvi Nordstrøm og Kjersti Fresvik.


Langs Åkrafjorden. Kvinner ranking.

 

Nr:

Namn:

Klubb:

 

Resultat:

 

 

 

 

 

1.

Miriam Berg Hovda

Haugesund IL

 

41.28

 

 

 

 

 

2.

Marit Årthun

Matre IL

 

43.33

 

 

 

 

 

3.

Barbro Ramstad

Haugesund IL

 

43.53

 

 

 

 

 

4.

Maryna Novik

Vindafjord IL

 

43.59

 

 

 

 

 

5.

Kjersti Fresvik

Røldal IL

 

44.16

 

 

 

 

 

6.

Hege Eikemo

BFG-Fana

 

44.37

 

 

 

 

 

7.

Ingrid Kristiansen

IL BUL

 

45.01

 

 

 

 

 

8.

Trude Solvi Nordstrøm

Privat

 

45.15

 

 

 

 

 

9.

Siv Merete Bø

Sauda IL

 

45.46

 

 

 

 

 

10.

Jane S. Kvåle

Røldal IL

 

46.21

 

 

 

 

 

11.

Lilly Kristin Kjellesvik Husveg

Haugesund IL

 

48.17

 

 

 

 

 

12.

Jeanene Thorsen

Etne Kommune

 

48.37

 

 

 

 

 

13.

Hilde S. Lande

IL Korlevoll

 

48.40

 

 

 

 

 

14.

Mary Ann K. Skavlid

Røldal IL

 

49.33

 

 

 

 

 

15.

Sissel H. Måkestad

IL Korlevoll

 

49.45

 

 

 

 

 



Også syklistar og gåande blir registrerte som deltakarar. Og ein fin tur får dei.


Tøffingen Erling Sævareid deltok i fjor. Han hadde då fylt 90 år. Han er bestefar til Kjetil Ramstad, Barbro Ramstad og Lars Håkon Ramstad, alle gode løparar.


Spennande løypetrasé: tunnellar og Trolljuv bru - ein av to stader i Noreg der det er organisert lovleg strikkhopping.


MÅL! Løypa er godt merka for kvar einaste km. Merkinga er oppfriska 8.8.12