Sterke meiningar om norsk idrett
Prolog
Vi ser alle verda med ulike auge.
Meiningsytringane våre er prega av reisa augene har vore med på.
Og dei aller fleste av oss har synsforstyrringar.
Aller helst nærsynte.
Vår eigen navle er det som ligg nærast.

Slik er det også med meg:
Difor skal eg gje dykk eit par briller, slik at de enklare forstår bodskapen min.
Saker sett frå min synsvinkel, her og no!
Men eg sel ikkje fasiten,
Prøvar å leve etter dei dei kloke orda til forfattaren Vinje:
«Ein ærleg mann skiftar stadig meining.»

For å ta det med ein gong:
Også eg har lenge drøymt om å bli verdsmeister.
Eg har leita etter gullformelen.
Ransaka moglegheitene for å bli betre.
Trent meg i senk, hatt depresjonar og kome tilbake til jordoverflata med nye løysingar.
Eg har hatt mange gode resultat.
Enda høgare målsetjingar.
Og mislukkast.

Eg har prøvd den enkle, effektive vindunderkuren.
Tatt snarvegen som gir raske resultat, men som brått viser seg vere ein blindveg.
Den som gjer at du mistar punkta på orienteringskartet og må krysspeile mellom fjella.
Heldigvis er det høge fjell i Ørsta der eg kjem frå.
Eg har alltid funne tilbake til heimstaden ved foten av Saudehornet.

Idretten har vorte haldepunkt i livet mitt.
Ein tvangstanke om den optimale prestasjonen.
Som eg ikkje har lukkast med.
Enno...

Mange har spurd meg om det er verdt det.
Kan du ikkje heller bruke tida til å jobbe og heve ei høg inntekt?
Opparbeide deg status.
Sjansen for å nå toppen i idretten er så liten likevel.

Thomas Edison blei av kritikarane spurd om han ikkje ville gje seg når han hadde prøvd 1200 stoff , men ingen som kunne brukast som glødetråd. «Eg har ikkje mislukkast», svarde han. «Eg har lukkast 1200 gonger i å finne stoff som ikkje gløder. Kvar gong er eg eit steg nærare glødetråden. Og finn eg den ikkje, vil andre ta lærdom av mine forsøk.»

Skal du lukkast må du utsetje deg for sjansen for å mislukkast.
Det er ikkje farleg å mislukkast, men det er feigt å ikkje prøve.
Så godt det er å lukkast når det verkeleg har kosta blod og tårer.
Kontrastane som gjer livet verdt å leve!

Presentasjon
Eg vil i denne spalta gje eit innblikk i miljøet eg trivast så godt i. Eg vil gje nokre spark bak og ta opp saker til debatt. Alt sett med mine auge! No skulle dette vere ein presentasjon av meg og eg skal prøve å gje dykk eit innblikk av nokre av reisene i livet mitt:

Eg er no 26 år og jobbar 50 prosent som lektor ved høgskuletilbodet til HiNT i Meråker i tillegg til å studere psykologi på si.
------------------------------------------------------------

Bli medlem og les hele artikkelen.
Les om alle medlemsfordeler og tegn abonnement!
Mai 2008
ÅRGANG 2008
KONDISARKIVET oversikt over alle artikler siden juli 1998. Les smakebiter fra 2001 og alle senere
år.