Aldri slutt å leike
"Never stop exploring" er slagordet til hovudsponsoren til terrengultraen Tour du Mont Blanc. Ei eg kjenner, som ikkje har budd i Noreg heile livet, kjem støtt med denne påminninga: "Husk å leke!"

Og det er nok ei blanding av leik og utforsking eg held på med der eg sniglar meg av stad i dette lange og bratte Alpe-løpet. Utforsking av om eg kan få til den forma for springing som eg meistrar minst: Bratte uendelege motbakkar og bratte ulendte unnabakkar.

Sjølv om det ikkje går leikande lett, så kjenner eg meg privilegert som får vera stifinnar ein heil dag og ei halv natt til endes.

Ei anna eg kjenner kunne ikkje forstå korleis vi kunne motivere oss til å halde på i 15 timar. Men da eg minte henne på dei like lange øktene ho sjølv hadde hatt på lesesalen før eksamen i vår, gjekk ho med på at det finst verre fengsel enn fjellet.

Overstyring

Det er andre gongen eg prøver meg. I fjor kom eg berre halvvegs – i kortløypa, ein miniton på 86 km og 4800 høgdemeter. Til i år har kortløypa vorti 12 km lenger og fått 800 høgdemeter ekstra. Spørsmålet er om eg i mellomtida har vorti sterkare i bein og hovud.

Ganske snart finn eg ut at eg ikkje er meir solid sydd saman enn at det murrar i det same kneet som fekk meg til å stå av i fjor. Men så blir høgre fotbladet så vondt at eg ikkje klarer å springe nedover. Skoen er knytt for stramt, men etter tre slakkestans blir det betre.

Dermed ikkje sagt at alt er bra. I motbakkane jamrar hælane, og nedover er det kne og lyske som seier ifrå. Det eine overstyrer snart det andre, og sia ingen skade over tid utmerkar seg meir enn nokon av dei andre, er det vanskeleg å peike på ein spesiell grunn til å bryte.

Eit par veker før hadde eg dessutan sendt desse orda, skrivne av Ralph Mahrston, som avslutning på eit brev til dei eg trenar, mest som ei påminning til meg sjølv:

"Gå vidare, avslutt oppgåva ved å ta deg heile vegen til det målet du har sett deg… Kvil når du er sliten, men ikkje bryt. Æra tilhøyrer dei som står distansen. Dersom det er viktig nok å starte, er det viktig nok å fullføre. Pass alltid på å ta det neste steget, for det kan snart vera det som bringer deg dit du skal."

Med orda i bakhovudet let eg ferda og utforskinga halde fram. Strategien er å springe der det ikkje går bratt imot, så lenge det er dagsljos. Etter det har eg gitt meg løyve til å gå, òg i lett terreng.

Men som vanleg har eg berre lurt meg, så når mørket fell på, småspring eg vidare der det ikkje er for bratt eller ulendt. Eg fer forbi løparar oppover og blir fråsprungen nedover. Heilt motsett av i Sentrumsløpet.

Det er forresten ikkje så mykje som minner om Sentrumsløpet når eg etter 15 timer og 47 minutt kjem til mål heller.

Dei siste sju kilometrane, ned ei ulendt fjellside, har eg sprungi med ein franskmann som er full av prat og oppmuntring. Nå eg på urutinert vis sparkar i ein stein og stupar framover, hjelper han meg på føtene og vaskar den verste skiten ut av såra.

Før mål tek vi att to til og blir sjølve innhenta av ein, slik at vi på oppløpet er ei klynge på fem løparar. Der det i Sentrumsløpet ville ha vori knallhard sluttspurt og kamp om plassering, er det no felles glede. Vi spring side om side over målstreken med hendene i vêret.

Akkurat da har eg ikkje vondt nokon stad.

Maksimaltida

Dagen etterpå står eg i målområdet og ser på dei som så vidt klarer maksimaltida på 46 timar i langløypa. Dei fleste blir følgd av familien dei siste hundre metrane. Om springmåten er både subbande og skakk, så er glansen i auga desto meir til stades. Den som fortel at dei klarte det. At beina bar dei fram, frå stein til stein, frå fjelltopp til fjelltopp. Gjennom dei djupe dalane.

Så får vi sjå om det blir leik i langløypa til neste år. Undervegs i den korte var eg hundre prosent sikker på at den lange skulle få vera i fred.

No er eg ikkje like sikker lenger.

Runar

------------------------------------------------------------------------
Bli medlem! Få perspektiv på livet hele året! Få 9 feite Kondisnumre hvert år!
Les om alle medlemsfordeler og tegn abonnement!
NOVEMBER 2008
ÅRGANG
2008

KONDISARKIVET
oversikt over alle artikler siden juli 1998. Les smakebiter fra 2001 og alle senere år.