Runar Gilberg (50) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton



Vignett-kondiskommentaren.jpgFriidretts-VM står for døra, og tre veker før opninga publiserte den tyske gravejournalisten Hajo Seppelt ein dokumentar som viste at kvar tredje medaljevinnar i VM og OL mellom 2001 og 2012 hadde avlevert mistenkjelege dopingtestar. Det vil seie at det var stor sjanse for at dei hadde drivi med ei eller anna form for bloddoping. Av dei 5000 som var testa, hadde 800 levert tvilsame prøver. I tillegg veit vi at det er mogleg å bruke mikrodosering av EPO utan at prøvene blir mistenkjelege. 

I den same 12-årsperioden hadde 34 vinnarar i dei 5 største maratonløpa (World Marathon Majors) avlagt prøver som indikerte doping. Berre i London Marathon hadde 20 av medaljevinnarane - og 7 vinnarar - mistenkjelege blodverdiar. 

Tidlegare i sommar hadde Alberto Salazar fått dopingskuldingar retta mot seg og sitt Nike Oregon Project. Salazar er trenar for mellom anna stjerneløparane Mo Farah, Galen Rupp og Matt Centrowitz. 

Siste nytt er at IAAF har retesta dopingprøver frå VM i 2005 og 2007 med meir sofistikerte analysemetodar, og snart vil dei oppgi namnet på 28 utøvarar som er funni skuldige. 

Visste om?
Offentleggjeringa av retestinga kjem som eit slag svar på klagemåla om at IAAF har visst om alle dei tvilsame prøvane utan å ha gjort nok for å ta juksemakarane. Leiinga i IAAF hevdar dei, i motsetnad til dei aller fleste andre idrettar, har gjort det som står i deira makt for å halde sin idrett fri for doping. 

Det siste er ord vi kjenner att frå Det internasjonale sykkelforbundet, òg frå den tida da dopinga pågjekk som verst, leia an av Lance Armstrong og hjelparane hans. I ettertid har det vist seg at leiinga i sykkelforbundet ikkje berre visste om kva som føregjekk, men at dei i nokon grad òg la si beskyttande hand over stjernene. 

Til sist kom likevel mykje av det som gjekk føre seg av doping i sykkelsporten, for dagen. Den eine dopa utøvaren etter den andre vart pressa til å fortelje om kva dei hadde haldi på med. Det gjer at vi i dag har eit ganske godt bilete av kven som dopa seg, kva slags doping dei brukte og kven det var som hjelpte dei. Sjølv om det ikkje er Det internasjonale sykkelforbundet si ære, og sjølv om mange av doparane framleis er med i sirkuset som lagleiarar, trenarar og ekspertkommentatorar, så har det vorti lufta så bra ut at vi veit at dei aller fleste heltane frå 1990- og 2000-tallet ikkje var heltar, men juksemakarar. 

Liten risiko
Denne innsikta manglar vi i friidretten. På 1990-talet var det ingen test som kunne avsløre EPO-bruk, og det var stort sett berre samvettskvalar som bremsa bruken. Først i 2000 kom dei første EPO-testane, men dei var så dårlege at risikoen for å bli teken framleis var liten. 

Blodprøvane som no lak ut og vart publisert i den tyske dokumentaren, viser oss kor utbredt blodmanipulering har vori sjølv etter at EPO-testane kom. Da er det naivt å tru at det ikkje vart juksa i enda større omfang den gongen sjansen for å bli avslørt stod i null. 

Det er difor god grunn til å tru at fleire av verdsrekordhaldarane, verdsmeistrane og dei olympiske meistrane i løping ikkje har hatt reint mjøl i posen. Vi veit at sykkelstjernene juksa, medan vi berre kan anta at mange av løpestjernene gjorde det same. 

Så lenge ikkje friidretten ordnar opp i historia si, vil friidretten ha ei større utfordring enn syklinga når den skal prøve få oss til å tru at alt går føre seg på reint vis i dag. Den som glattar over si eiga tvilsame fortid, har ikkje så mykje truverde når det gjeld notid og framtid heller. 

Truleg treng friidretten like mykje hjelp utanfrå som det syklinga gjorde for å få fram i ljoset det som skjedde. Hajo Seppelt er berre så vidt i gang med å avsløre, men mange fleire må nok grava om vi nokon gong skal få veta kven som sprang med og utan EPO i årene på 1990- og 2000-talet. 

Rekordidrett
Det er òg ein skilnad til mellom doping i sykling og doping i løping. For ein ikkje strengt målberr idrett som sykling er det lettare å eksistere utan doping enn det er for ein rekordidrett som springing. Om det blir sykla nokre minutt seinare i Tour de France eller klassikarane no enn i EPO-tida, så blir det knapt lagt merke til, og vinnarane får den same hyllesten uansett. 

I friidrett er ein langt meir avhengig av å halde nivået høgt for å få applaus. Spring ingen lenger i nærleiken av verdsrekordane, kan interessa frå både publikum og sponsorar fort falle. Slik sett er friidretten i enda større grad avhengig av dei største stjernene sine – og truleg enda meir motvillig til å avsløre dei. 

Men nett difor er det òg viktig å få fram kva som eigentleg skjedde – slik at dagens utøvarar slepp å bli målt mot juksemakarane sine fantastiske tider og rekordar. 

 
Bislett_Games_foto_Per_Inge_Oestmoen.jpg
Kven dopa seg, og kven var reine under EPO-æraen på 1990- og 2000-talet? (Arkivfoto: Per Inge Østmoen)