Andrew Musgrave utfordrar løyperekordhaldar Thomas Vestbø i Langfoss Opp.
- veit du ikkje kven Andrew Musgrave er?
- veit du ikkje kor Langfoss ligg?
Andrew Musgrave er skotten som sensasjonelt tok 2. plassen på 15 km fristil i NM. Føre Ronny Andsnes og Thomas Ahlsgaard. Like sterk er vel kanskje 27. plassen i Tour de Ski med alle dei beste i verda. Thomas Vestbø hadde 11. plass i det same NM. Men han er vanvittig god motbakkeløpar.

Langfoss ligg i Sunnhordland
Langfoss er i følgje CNN og national Geographic ein av dei vakraste fossane i verda. Fossen ligg ved E-134 i Åkrafjorden i Etne kommune. 40 km frå Odda og 85 km frå Haugesund. Frå Oslo er det ca 35 mil.

Løyperekord : kr 5000.- pluss kr 1500 = kr 6500.
Løyperekorden gir kr 1500 i tillegg til fyrstepremien på kr 5000.-. Blir det ikkje løyperekord går pengane over i ein pot til neste år. Rekorden er på 23.16 for menn. Elin Steinsbø Fylkesnes har rekorden for damer på 26.28.

Elise Orten er alt påmeld
Blir det duell også i dameklassen? Kjem løyperekordhaldaren? Det veit ikkje arrangøren i Åkrafjorden Landsskapspark/Fjorda-alliansen enno. Men Elise bør vera eit solid trekkplaster på damer som vil ha gode tider opp den knallharde løypa. Ho vart nyleg nr 2 i storløpet Fløyen Opp.

Påmeldinga er opna online på www.langfossopp.no  Løpet er Kvalitetsløp og Kondis-medlemmer har kr 25 i rabatt på startkontingenten.


Thomas Vestbø opp Langfoss til ny løyperekord.                              Foto: Olav Samland


Thomas Vestbø, Anders Aukland og sensasjonsmannen Vegard Årthun Bergane som vart nr 2 - 18 år gamal.


Motbakkespesialistane blant damene. Elin Steinsbø Fylkesnes nr 2 frå høgre. Foto: Olav Samland


Mange gode motbakkeløparar.


Bjørnar Larsen med "come back" i fjor. Dukkar han opp i år og?


Utruleg utsikt frå Vardahaugen etter målpassering.


Nytt i 2012 er turklasse utan tidtaking. Startprisen er då det halve, men alle får det spesielle kunstnardiplomet.