Starten+har+g%E5tt+for+15-%2C+16-+og+17-%E5ringane%2C+og+vi+ser+Johan+Bugge+%2836%29%2C+Ola+Berg+Fines+%2848%29%2C+Sindre+L%F8seth+%2845%29+og+Thomas+Solberg+Eide+%2822%29+i+f%F8rste+rekke.++
Starten har gått for 15-, 16- og 17-åringane, og vi ser Johan Bugge (36), Ola Berg Fines (48), Sindre Løseth (45) og Thomas Solberg Eide (22) i første rekke.
På damesida var Vidar einaste klubben som hadde med meir enn ein utøvar og E-cupplassen var difor sikra om minst tre av dei fem frå klubben kom til mål. I herreklassen var det atskilleg meir ope da så å seie alle favorittlaga hadde fått forfall. Kristiansand fekk eit plassiffer mindre enn Tjalve, og kan difor bu seg på Marseilles-tur i starten av februar om dei ønskjer det. For Kristiansand sprang André Hammerø Løseth (nr. 8), Tormod Tjørnhom (nr. 9) og Helge Dolsvåg (nr. 14).

- Ja, no spørst det om vi sjå oss om etter forsterkingar, sa trenar Finn Kollstad da plassen var klar, omtrent som dei fleste norske fotballtrenarar ville gjort om klubben hadde kvalifisert seg for Champions League. I E-cupen for herrar må kvar klubb ha fire mann i mål, og sjølv om Kristiansand har eit par habile løparar i bakhanda, så må det nok trenast om dei ikkje skal bli ein kasteball i møte med sør-europeiske terrengnasjonar.
Plassifra i kampen om E-cupplassen (summen av dei tre beste til kvar klubb) 
1. Kristiandsand IF - Friidrett 31
2. IK Tjalve 32
3. SK Vidar 36
4. Rindals-Troll 52
5. Steinkjer Friidrettsklubb 62
6. Namdal Løpeklubb 79
7. Ullensaker/Kisa IL 116
8. Dalebrand IL 123

Sjølv om det vart mange forfall, var likevel deltakinga god på herresida. I alle klassar frå 15 år til veteranklasse 70-74 år vart alle medaljane delt ut. 57 tok seg til mål i den 10 km lange seniorløypa. På kvinnesida var det atskilleg tynnare med 11 fullførande i seniorklassen og stort sett tomme eller halvtomme veteranklassar. I jenter 16 og jenter 17 var det òg færre løparar enn medaljar.

Men alle som møtte fram kunne glede seg over fine løyper i trolsk hauststemning. Løypene var ikkje særleg kuperte, men utfordrande likevel, ikkje minst på grunn av det dissande underlaget på den grusa stien gjennom myrene rundt Igletjønna.

Heimeside for NM terrengløp med både resultat og bilete

Kondis-reportasje med enda fleire bilete

Kondis.no-reportasje frå meisterskapen i fjor

"Sølv til Sindre" - på Romerikssida

"Bronse til Monika Kørra" - på Hedmarkssida
Vinnarane av klasse 16 og 15 år
Johan Bugge drog hardt første del av løpet, og sjølv om han dabba noko mot slutten berga han førsteplassen i 16-årsklassen. Thomas Solberg Eide kom først til mål, og dei to raskaste i feltet var frå 15-årsklassen. Faktisk vart vinnartida svakare jo eldra løparane vart. I nokon grad var årsaka til det at ein del av dei beste heller sprang i juniorklassa.
Andremann i gutar 15 år - Ahmad Muktar Adam
Sandnes-guten Ahmad Muktar Adam kom sterkt mot slutten og 300 m før mål var han så å seie ajour med Thomas Solberg Eide. Men Thomas var raskast inne på graset, Ahmad måtte nøye seg med sølv.
Sindre Løseth - nok ein kondisjonssterk ein frå Mosvik
Han er eigentleg frå Inderøya, men spring for Mosvik, og Sindre Løseth fór så fort fram at det vart førsteplass i 17-årsklassen.

- Jeg fant flyten og følte at jeg hadde litt å kjøre med mot slutten. Jeg er overrasket over at jeg vant, men veldig glad, uttalte Sindre til Trønder-Avisa etter løpet. På tredjeplass finn vi òg ein mosbygg, Ola Berg Fines. Begge satsar mest på langrenn, men suksessen i terrengløypa gav meirsmak.

Bak ser vi Harald Kårbø frå Bremnes som vart nummer tre i 15-årsklassen.
Alle jenter under 20 år var samla i eitt felt
Jentene under 20 år sprang alle 4 km, og vi ser vi at Kristine Eikrem Engeset (15) er i ferd med å innta tetposisjonen, framføre Miriam Berg Hovda (14) og Anne Kjersti Kalvå (6).
Kampen om juniorsølvet skal avgjerast
Miriam Berg Hovda (14) og Monika Kørra har 300 m igjen, og Miriam har som vanleg turbogiret klart. Ho sikra sølvet med fem sekunds margin til Monika som var godt nøgd med bronsen.
Graset er enno ikkje vorti trampa opp
Det draup litt under stemnet, og med mykje regn i forkant vart det etter kvart opprampa inne på stadion. Men førebels er graset grønt, og Runa Skrove Falch (11) spring mot ein førsteplass i 16-årsklassen. Krstin Brøndbo (16) og Julie Haabet (12) blir nummer fire og fem i juniorklassen.
Guro Ørndal Nilsen tok ein klar førsteplass i jenter 15 år
Med Julie Haabeth på slep spurta Strindheimsjenta Guro Ørndal Nilsen inn til ein klar siger i 15-årsklassen. Her var det åtte som starta og seks som kom til mål.
Eilef Hopland har teki teten i juniorklassen
Kristiansandsguten Eilef Hopland sprang hardast opp bakken frå stadion, og kom til slutt på niandeplass. Bak er feltet enda godt samla. (Foto: Meike Hesselink)
Juniorfeltet nærmar seg halvvegs og Norstad Moen har føringa
Tetfeltet vart gradvis mindre, men her heng enda Sindre Buraas, Lars Erik Malde og Tom Erling Kårbø med. For dei tre første vart det òg rekkefølga i mål medan Kårbø vart passert av Lars Nesbø Bakke og endte på ein femteplass. (Foto: Meike Hesselink)
I fotefara til Martin Stokken
Sondre Nordstad Moen fører vidare tradisjonen frå Martin Stokken med å hevde seg i både springing og langrenn. Her viser han fram piggskorne som Stokken i si tid brukte.

- Jeg kommer til å prøve å satse langrenn til vinteren og se an juniornivået litt. Men jeg kommer ikke til å dra til for eksempel skitunnelen i Torsby for å finne snø, da går jeg heller på rulleski. Om forholdene blir gode, kommer jeg til å satse for fullt, men om det ikke er snø i januar, kommer jeg ikke til å stresse med å få gått på ski, uttala Sondre Moen til langrenn.com etter gulløpet.
Idyllisk rundt Igletjønna
Rindal er porten til Trollheimen, og det var så postkortvakkert som det kunne bli da Kirsten Melkevik Otterbu sprang inn til enda eit NM-gull. Det har vorti mange, men sjeldan har omgjevnadene vori så fine. (Foto: Meike Hesselink)
Ull-Kisa-karane fann seg og til rette i den haustvakre naturen
Vi er vane med at dei fargerike draktane til Ullensaker/Kisa pyntar opp. Denne gongen var haustfargane enda vakrare. Men flott var det at klubben stilte med fire mann, og i veteranklassane vart det bronse til Ole Fredrik Mørck og Ole Johan Garli. (Foto: Meike Hesselink)
Stramme karar over 70 år på pallen
Det er stas å sjå så rake og spreke karar i 70-åra entre sigerspallen. Aksel Røste (midten) tok gull, Ola Meistad (til venstre) sølv og Ari Valdemarsson bronse.
Rindals-Troll er ferdig - Bøler er klar til å overta
Hermann Bruun og Bøler var til stades i Rindal for å springe, men like mykje for å hente idear til NM terrengløp lang løype neste år. Da skal meisterskapen foregå i Østmarka i Oslo, og datoen blir mest sannsynleg 28. september.

Her spring Bruun inn til bronseplass i klasse 40-44 år, og Rindals-løperen i forkant har heilt klart ofra alt for klubben og heimepublikummet. (Foto: Meike Hesselink)