Lundaneset er ein kristen vidaregåande skule i Ølensvåg i Nord-Rogaland, 45 km aust for Haugesund. Ølensvåg er ei lita bygd med enorm verdiskaping. Westcon skipsverft, Omega A/S, Ølen Betong A/S og Granberg Garveri er nokre av dei store verksemdene. Ølen er no innlemma i Vindafjord kommune med om lag 9000 innbyggarar.

Elevar løp for fattige born i Elefenbeinskysten
Prosjektet går ut på å samla inn så mykje som mogeleg til alfabetisering og kamp mot HIV/AIDS i Elfenbeinskysten. Prosjektet hadde dei fått av Norsk Luthersk Misjonssamband.

Så flott ungdom! 
Kvar elev hadde på førehand samla inn ein fast sum eller kr pr runde dei klarte å gjennomføra. Dei hadde to klokketimar på å få så mange rundar á 900 m som mogeleg. Den størstye prestasjonen var likevel kan henda ho som normalt kjem seg fram i rullestol. Ho klarte ei heil runde på krykkjer. Det var imponerande å sjå innsatsviljen hennar!

Nokre gjekk i to timar, andre jogga litt og sprang litt. Men så var det nokon som slukte runde etter runde i flott tempo rundt hushjørne på skulebygninga. I vind og regn. Tre jenter klarte heile 24 rundar.
Imponerande! 

Kondis løp også
Kondis sin aldrande reportar var utfordra av to av elevane til å sponsa dei. Han fekk lov til sjølv å delta på løpinga. Då lova han å dobla sponsa beløp per runde om dei slo han. Det gjode dei med glans (heldigvis). Men dei pluss mange av elevane smilte, heia og oppmuntra under heile løpet. Dette vart ei oppleving for livet -og for livet til born i Elfenbeinskysten.

Gaute Byberg klarte heile 31 rundar
Tydeleg eit løpstalent. Gaute Byberg skilte seg ut blant gutane med flott løpesett, og utruleg stamina. Runde etter runde i tilsynelatande same tempo - i to timar i vind og regn. Er løypa 900 m, skulle det bli ca 28 km under langt frå ideelle tilhøve.

Tenk 709 000 kroner. 130 elevar hadde meldt seg på og samla sponsorar ti rundane sine
Elfenbeinskysten har mykje lågare levestandard enn rike Noreg. Difor vil denne store summen kunne redda mange, mange fattige born. For den enkelte familie som får hjelp kan det vera skilnad mellom liv og død. Den entusiasmen som strålte frå alle deltakarane hadde me unt mange fleire å få oppleva. Og då vermeldingane melde dårleg ver på løpsdagen,  gjekk prosjektansvarleg Silje Grimstad straks ut med "Hold fokus". Ein måtte hugsa kvifor ein skulle flest mogeleg rundar i det sure veret. 

Flott arrangement
Skikkeleg tydele nummer var laga. Sekretariat som registrerte alle etterkvart som dei kom med ferdigskrivne sponsorlister, tydeleg løype, væskestasjon med saft og bananar, mange nok rundeteljarar, megafon så alle fekk med seg all info, og felles oppvarming før start. Ja, her var det større løp som kunne ha litt av kvart å læra.

Fire løparar fekk gratis kondismedlemsskap
Kondis sin medarbeidar fekk låna megafonen før start til å annonsera at den jenta og den guten med flest rundar, ville få medlemsskap i Kondis ut 2014. Eit unisont brøl rett før start! Me var velkomne! Dette skal me gleda oss til i 365 dagar!

2013-10-24 16.49.48_640x480.jpg
Fantastiske ungdommar med rett fokus! Vind og regn inga hindring.                               Foto: Kondis

2013-10-24 16.51.12_640x853.jpg
Ikkje akkurat lånt konkurransedrakt av Henrik Ingebrigtsen alle desse.                     Foto: Kondis

2013-10-24 16.52.49.jpg
Espen Kalleland var meir uthaldande enn tigre flest.                                         Foto: Kondis

2013-10-24 19.24.45_640x480.jpg
Misjonsløpet hadde inspirerande bibelord rundt løypa.                                                Foto: Kondis