Erik grusa løyperekorden til kenyanske Laban Siro
Rullestadvatnet Rundt er ikkje kontrollmålt, men er stipulert til ca 4.5 km. Men når Laban Siro, to gonger vinnar av Midnattsloppet i Gøteborg, hadde løyperekorden, skulle det borga for godt nivå. Denne rekorden tok heimefavoritten Erik Rullestad med nokre sekund. Erik er oppvaksen i austenden av vatnet. Denne løypa er fyrst gjort løpstilgjengeleg av bygdefolket for tre år sidan.

Dette var fjerde gong løpet vart skipa til. Fyrste gong var Erik nr 3 etter Tom Steine og storebror Sondre. I andre utgåva vart han nr to etter Thomas Finshus. I fjor deltok Erik ikkje i løpsklassen. Men no står Erik som spring for Haugesund IL med nyetrenar Susanne Wigene, som løyperekordhaldar.

Kjersti Fresvik vann jenteklassen for andre gong
Røldalsjenta har gjort Rullestadvatnet Rundt til sitt løp. Ho gjorde nok eit godt løp og var heilt suverén. 

Lita deltaking i fin tilskiping
Kondis har mange gonger poengtert kor viktig det er å reklamera i god tid i dei riktige kanalar. I 2010 vart Kondis nytta som viktigaste informasjonskanal og 142 personar gjekk eller løp rundt vatnet. Årets utgåva hadde berre 42 personar på deltakarlista. Men neste år er det ein ny mogelegheit.

Resultater Rullestadvannet Rundt 2013

Damer:  
1)      Kjersti Fresvik 25.39
2)      Sølvi Markhus 35.40
3)      Eldbjørg M. Brekke 46.45
Barn (under 16 år):  
1)      Tøres Rullestad 26.53
2)      Kristian M. Brekke 28.12
3)      Maren Markhus 35.15
4)      Helene M. Brekke 49.20
Herrer:  
1)      Erik Rullestad 20.57
2)      Thomas Finshus 23.20
3)      Bjørn Kjetil Sørvik 23.50
4)      Ole Rullestad 25.06
5)      Håvard Mæland 28.05
6)      Sindre Mæland 33.22
7)      Lars Øyre 39.52
8)      Roger Brekke 40.39