Mange fleire førehandspåmelde enn i fjor
Full maraton hadde 23 fullførande i debutåret ifjor. Alt no er det talet overskride. 26 så langt. Arrangørane har sett ei grense på 50 på full maraton - så no hastar det.

Ti rundar à 4.2 km, til saman 42195 m. Ca 1.4 km asfalt er alt øya har. Når den går t/r på kvar runde vert det 2.8 km. 1.4 km går på grus og gras. Graset der ein spring er så frisert at ein engelsk lord kunne ha spasert der og nikka fornøgd.

Gjennom gardstun, dyr langs løypa, runding på kaien med daglegvarebutikk og båtliv, utsikt til storhavet, ja, er nokre av opplevingane einh kan få med seg.

Bjørn Tore Kronen Taranger den store stjerna (saman med Helge Jordal) i fjor
Rett over 3 timar på denne spesielle maratonen hadde Bjørn Tore Kronen Taranger i debutløpet. Heilt i kjellaren var han nok ikkje, men denne sympatiske ultraløparen kasta absolutt glans over løpet i 2012. Ragnhild Audestad vann kvinneklassen etter godt gjennomført maraton. 

Maraton_start_STORT_IMG_8819.jpg
Fleire store stjerner møtte opp. Nr 10 Inge Asbjørn Haugen, - han med flest fullførte maraton i Noreg! Over 450! Nr 8 Bjørn Tore Kronen Taranger og nr 3 Ragnhild Audestad.  Foto: Heming Leira

Inge Asbjørn Haugen har elles uttalt at dette var det kjekkaste løpet i heile 2012!!

Lyst på laksekebab?
Ja, her kan me få kjøpt villsausuppe og laksekebab. Denne kebab-oppskrifta er ikkje frå Jamie Oliver eller Eyvind Helstrøm, men frå ei ekte Møkster-lady. Kafeen som ifjor var innandørs, vert flytta ned på marka ved skulen, der start og mål er. Då må villsauane finna seg anna beitemark denne dagen.

Ver obs på transporten!
Det går hurtigbåt innom Møkster, men ikkje så veldig mange gonger pr dag, så dette må kvar deltakar sjekka nøye. Ein kan og overnatta på den gamle verna handelsstaden Bekkjarvik. Her har dei ein kokk med VM-tittel i kokkekunst. Herfrå er det ca 20 minutt med hurtigbåt. Elles opplyser arrangøren at etter løpet vil dei sjølv skyssa folk. Då må dei få melding om dette i god tid. Arrangøren kan og ordna med overnatting for ein del som er tidleg ute med å spørja om plass.

Nautisk maraton?
Arrangøren fann ut at dei også måtte ha ei kortare løype. Men det heiter jo Møkster maraton, så då vart kortvarianten kalla nautisk maraton. Fire gonger 1852 m er 7408 m, og omtrent så langt er fyrste nautiske maraton. Ifjor samla denne distansen heile 50 menneske. Frå racarar som Petter Rasmussen & co ned til oss vanlege.

Ungane må vera med
Heile 25 ungar var med på 420 m. Dei sprang 1 % maraton. Alle fekk premie.

Nautiske_vinnere_IMG_9257.jpg
Vinnarar av den fyrste nautiske maraton i verda: Gunn Cecilie Ringdal og Petter Rasmussen. Ikkje rart dei er glade.  Foto: Heming Leira

Anette_Medhus_Sunde_IMG_9035.jpg
Møkster-samfunnet stilte også med aktive løparar, til og med på full maraton: her Anette Medhus Sunde. Ho debuterte på maraton på beste vis. Foto: Heming Leira

Alf_Helge_Moegster_runder_boeygen_IMG_8803.jpg
...og Alf Helge Møkster.  Foto: Heming Leira

Audestad_pasaserer_rett_foer_start_Nautisk_IMG_9095.jpg
Ragnhild Audestad passerer på heilmaraton. Dei nautiske løparane står klare til fyrste nautiske maraton i verda.  
Foto: Heming Leira

Kulturprogram også i 2013:
Finn Tokvam (f. 1972) er journalist, musikar og forfattar. Han kjem frå Flåm i Sogn, er busett i Bergen der han jobbar som journalist og humorist i NRK, mellom anna i programpostane Radio Røynda og P.I.L.S. (Populærmusikk ispedd litt sladder). Han er kåsør, spaltist i Bergens Tidende, vokalist i populærorkesteret Finn Erix og har hatt ei stentral rolle i showa Vestlandsrevyen I og II

Tokvam debuterte som forfattar med boka «Tyl» i 2005, saman med kollegaen Halvor Folgerø. I 2010 sette Sogn og Fjordane Teater opp eit teaterstykke basert på boka. Han har og skrive biografien om Ragnr Hovland som kom ut i 2012.

Tokvam mottok Målprisen i 2008.Claus Sellevoll kjem frå Alversund, bur i Bergen og livnærer seg som artist og skodespelar. Han har markert seg i en årrekkje i ulike samanhenger, aleine eller saman med andre. Dei siste åra har han vore knytt til Hordaland Teater og Sogn og Fjordane Teater («Cato og Claus» , «Bikubesong», «Singel og sand», «Vestlandsrevyen» , «Tyl», «Vestlandsrevyen II»).  Medaasprisen 2013 vert tildelt Claus Sellevoll.

Les også fjorårets store Møkster Maraton-reportasje