Tekst og foto: Stanley Hauge, Eikanger IL

Med vinnartida 6.04 betra han rekorden med heile seks sekund og si eiga bestnotering frå i fjor med åtte sekund. Ikkje nok med det, også andremann i mål – Svein Roar Kvamme – sprang under Hodnekvam si bestetid. Kvamme fekk notert 6.09 som var sju sekund betre enn hans tidlegare bestenotering frå det første løpet i fjor haust.

Det var også tiande karusellsigeren til Færø.


Alt frå start var det tydeleg at Færø og Kvamme var på rekordjakt. Dei la ut frå start i stort tempo, med Halfdan Emil først rundt startsvingen. Deretter overtok Svein Roar Kvamme føringa, og var i tet då den første kilometeren vart passert på Eikangerbrua på 2.46-47.


Heile seks sekund forbetra Halfdan Emil Færø løyperekorden med, til 6.04, i karusellen på Eikanger. Neste sesong er målet å sjå 5-talet.

200-300m seinare gjekk Færø opp i teten og auka gradvis innover mot mål. Opp siste bakken frå «hamrane» kom han med klar leiing og i stor fart. I mål stoppa klokka på 6.04 – ei solid rekordforbetring.

Halfdan Emil Færø har vist sterkt form i innandørsløp i vinter og sprunge på betre tider på 3000m enn han tidlegare har oppnådd utandørs.

Med 6-8 cm nysnø på bakken laurdags morgon såg det slett ikkje ut til å verta rekordforhold ved karusellen på Eikanger. Men mildveret som kom og brøytinga som var gjort, førte til at det var berr veg i heile løypa i god tid før løpet skulle starta. Så sjølv det var litt vått i vegen, var forholda gode då det også var praktisk talt vindstille.

Den tette og harde kampen som vart mellom Færø og Kvamme gjorde nok også sitt til dei gode sluttidene for begge. Tida på første kilometeren, 2.47-48, peikar mot ei sluttid på ein 3000m på 8.20-talet – eller litt i underkant av bestetida til Færø innandørs.

På dei knappe 1200m frå brua og til må brukte Færø 3.17-18, og det vil seia at han har sprunge like fort i siste del av løpet som i starten.

Både Færø og Kvamme har tydelegvis trena godt i vinter, så det skal verta spennande å følgja dei framover sesongen. Neste store oppgåve for Færø vert NM i terrengløp på Hønefoss 13.-14. april.

Det var ungdomane som prega karusellen på laurdag med fem ungdomar før første veteran. På tredjeplass kom Lasse Nordal, og deretter Tarjei Styve Matre og Ove Vabø.

Grethe Jørgensen var på ny raskast av damene, denne gongen med 8.31. Karen Johanne Jøsendal var nest raskast med 9.22.

I alt stilte 77 personar til start.

Neste løp på Eikanger går laurdag 6. april. Då vert det også avslutting for sesongen med premieutdeling.

 

Vinterkarusell 2012-13, 9. løp.

Eikanger 16. mars 2013

Arr.: Eikanger IL

Skya, opphald + 5° C.

Berr veg heile løypa.

 

«Brua rundt», ca. 2 150m

1. Halfdan Emil Færø

6.04

2. Svein Roar Kvamme

6.09

3. Lasse Nordal

7.07

4. Tarjei Styve Matre

7.22

5. Ole Vabø

7.27

6. Anders Eidsnes

7.45

7. Åsmund Andersson

7.58

8. Jogeir Romarheim

8.06

9. Einar Skrede

8.13

10. Arvid Hauge

8.30

11. Grethe Jørgensen

8.31

12. Jan Kårbø

8.51

13. Sigmund Nævdal

9.11

14. Terje Eidsnes

9.17

15. Karen Johanne Jøsendal

9.22

16. Are Flekke

9.24

17. Gunnar Hauge

9.27

18. Trond Sellevold

9.30

19. Olai Nepstad

9.33

20. Øyvind Kallestad

9.34

21. Odd Inge Høyland

9.38

22. Arve Henningsen

9.44

23. Kjell Namtveit

9.45

24. Sverre Solberg

9.52

25. Rune Eikanger

9.58

26. Aase Midtgaard Skrede

10.10

27. Harald Hansen

10.40

28. Stein Tore Holsen Viken

10.45

29. Johannes Slethaug

11.08

30. Magnus Elvik

12.06

 


 
Også Svein Roar Kvamme sprang under Hodnekvam sin løyperekord frå 2001. Med 6.09 betra han bestetida si med 7 sekund.


Åsmund Andersson debuterte i karusellen med tida 7.58 og sjuandeplass. På åttandeplass kom ein annan debutant, Jogeir Romarheim (nr. 92), på tida 8.06.


Med tida 8.31 var Grethe Jørgensen nok ein gong raskaste dame. Her spring ho i mål med ein gjeng trimmarar rundt seg.

 

Spurtoppgjer mellom veteran og unggut. Ola Nepstad (nr. 35) greier så vidt å koma føre Øyvind Kallestad (nr. 18). Litt lenger bak kjem Odd Inge Høyland (nr. 69) og Arve Henningsen.


Vinnar og rekordløpar Halfdan Emil Færø i midten. Nummer to Svein Roar Kvamme (til høgre) og nummer tre Lasse Nordal (til venstre).