Ingressbilde: (Foto: Andrea Elisabeth Bjørk) Frå starten på Fanaråken Opp ved Turtagrø Hotell i 2013. Startnr 77 i gul T-skjorte er Johan Bugge som er årets store motbakkeløpskomet med EM-gull. I 2013 vart Johan nr 3 i Fanaråken Opp på tida 1.00.42. Joel Dyrhovden, startnr. 93 (svart løpsdrakt) vart nr 4, medan nr. 91 Tomas Bereket , Eritrea/Larvik Turn vann på 59.01. Tomas har løyperekorden i den nye løypa frå 2011 med 57,30. Det er motbakkelegenda Jon Tvedt som har løyperekorden i den gamle løypa med 57,18 frå 2008.

I år er det ikkje naudsynleg å «gå over bekken etter vatn» for å få motbakkeløparar med med topp internasjonale prestasjonar.  Tidlegare år har Fanaråken Opp hatt deltaking frå fleire topp internasjonale motbakkeløparar med medaljar frå EM og VM. Det har vore deltakarar frå 14 ulike land.

I årets EM i motbakkeløp på Madeira vart Johan Bugge Eidsvåg IL den fyrste nordmann i seniorklassa som vann EM-gull motbakkeløp. I dameklassa vann Eli Anne Dvergsdal , IL Gular, sølvmedalje ( Eli Anne er frå Jølster i Sunnfjord). Prestasjonen til Eli Anne den nest beste prestasjonen som er oppnådd av ei norsk dame i EM/VM i motbakkeløp.

Eli Anne Dvergsdal. VidaseteOpp_FotoJanRingheim.jpg

Årets motbakke-komet Eli Anne Dvergsdal, Il Gular ( Foto: Jan Ringheim, Kondis.no)

Før EM i år var det 8 år sidan Noreg vann individuelle medaljar i EM i motbakkeløp då Anita Håkenstad Evertsen, Øystre Slidre IL, vart både europameistar (motbakkeløp) og verdsmeistar ( i langdistanse motbakke-fjelløp). Anita som no er 47år gamal gjer comeback i Fanaråken Opp. Anita har løyperekordane i dameklassa i begge dei to løypene som har vore nytta. Både i den løypa som vart nytta fram t.o.m 2010 (1.05.53 fra 2007) og i den utbedra og noko lengre løypa på 8,4km med 1200m stigning f.o.m. 2011( 1.08.26 fra 2012 ). Løypa går frå Turtagrø Hotel 868 moh til toppen av Fanaråken 2.068moh ved Fanaråkhytta - den høgastliggjande turisthytta i Noreg. Sjå: http://www.tv2.no/sporty/loping/er-dette-norges-vakreste-joggeloeype-3835766.html

640_Anita_foto Christian Prestegaard.jpg

Foto Christian Prestegård. Anita Håkenstad Evertsen fotografert i 10-årsjubileumsløpet i 2012 ved passering omlag 2.000moh då ho sette gjeldande løyperekord på 1.08.26 i den løypa som har vore nytta sidan 2011.

Noreg har delteke i EM og VM i motbakkeløp i 10 år (sidan 2005) og på dei åra er det 6 ulike personar som har vunne individuelle medaljar. 50% av medaljevinnarane deltek i Fanaråken Opp 8. august. ( Dei 3 andre er Sindre Buraas, VM-gull junior 2008, Stian Øvergaard Aavik, VM-gull junior 2015 og Kirsten Marathon Melkevik, EM-bronse 2007)

Det blir spennande å sjå om Eli Anne Dvergsdal og Johan Bugge, som har hatt stor framgang i år, kan nærme seg løyperekordane. I herreklassa er gjeldane løyperekord 57,30 frå 2011 (Tomas Bereket , Larvik Turn/ Eritrea).  Pt. kan det sjå ut til at Johan får tøffast konkurranse frå Joel Dyrhovden, Samnanger, som har fleire pall-plasseringar i Fanaråken Opp og 3NM-gull i motbakkeløp for junior.  Joel var også på det Norske juniorlaget som vann sølv i lagkonkurransen i VM motbakkeløp i 2008.

Det har vore mykje snakk om store snømengder i høgfjellet, men løypetraseen ligg slik til at den er så godt som snøfri opp til 2000moh, men det ligg framleis snø i det siste flatare partiet på om lag 500m av løpa. Løpsdagen vil den snøen som evt ligg att vere så fast og komprimert at den går fint å springe på utan tidstap. Løp blir det. Arrangør IL Fanaråk satsar i år på «reprise» av 10-års-jubileumsløpet Fanaråken Opp i 2012 som vart ein knallsuksess og jubeldag med 550 deltakarar ( 350 i trim og 200 i konkurranseklassa) på toppen av Fanaråken 2068moh i praktfullt vær med sol frå  skyfri himmel. I tillegg var om lag 150 turgåarar med på å laga reine «Tour-de-France-stemninga» på toppen. Aldri tidlegare har det vore fleire samla ved nord-europas høgastliggjande turisthytte Fanaråkhytta 2.068 moh.

640_Melkesyre_Bergen_Foto_Christian_Prestegaard.jpg

640_Fanarakhytta_Olav_Anne_FotoChristianPrestegaard.jpg

Foto Christian Prestegård

Deltakarane hadde praktfullt utsyn og vidsyn m.a. over 2000 høydemeter rett ned i Sognefjorden/Lustrafjorden , mot Europas største fastlandsisbre Jostedalsbreen med Skagstølstindane /Hurrungane som storslagne kulisser. http://www.kondis.no/jubeldag-for-700-i-fanaraaken-opp.5078183-127693.html

Arrangør IL Fanaråk har forlenga påmeldingsfristen i konkurranseklassane til 1. august. F.o.m. 2 august er det etterpåmelding fram til nettpåmeldinga stenger torsdag 6. august kl. 16.00. I trimklassa er det påmelding utan etterpåmeldingsgebyr heilt fram til 6. aug. kl. 16.00. Det er etterpåmelding i trimklassane løpsdagen heilt fram til kl. 09.000. For meir info om løpet og påmelding. Sjå facebooksida Fanaråken Opp og nettsida www.fanaraaken.com