På damesida klatra Marit Årthun opp eit hakk frå i fjor og vann med klar margin. Ho bur i Åkra, rett over fjorden, men spring for GTI-Stavanger. Vêret laurdag var ikkje det aller beste. Det regna litt då turgåarane starta, men heldt opp etter ei stund. Då løparane starta litt seinare hadde dei ein del vind imot innover fjorden. Med 227 deltakarar var det var ein nedgong på 100 frå i fjor då Ingrid Kristiansen var trekkplaster for løpet. Vêret ved middagstider sette nok ein stoppar for fleire som kanskje kunne tenkt seg ein trimtur denne laurdagen. Men dei som trossa det fekk likevel ein flott tur. Med faklar i dei mange tunnelane langs gamle Åkrafjord-vegen var det eit flott syn, og heilt klart ei spesiell oppleving. Alle fekk den unike løpskoppen like etter målgang. Og vant dei ikkje premie i premietrekkinga til slutt, så vanka det nok middag på Åkrafjordtunet før dei drog heim. Alle resultat på samlesida for Langs Åkrafjorden |
Artikkelen fortsetter under annonsen