Frå fattig landsby
Laban Onderi Siro er fødd i 1984 og kjem frå ein fattig familie i Kisii provinsen i Kenya. No bur og trenar han ni månader i året i Ngong i Kenya, fleire meter høgare over havet enn Galdhøpiggen. Til 2008 hadde han noverande landslagsjef i Kenya som sin trenar. No vert Laban trent av hans assistent. Dei resterande tre månadene bur han i Sverige og reiser rundt og konkurrerar i Sverige og Noreg. Det han vinn av premiar er levebrødet hans.

"Er det noko, då..?"
Av treningsprogrammet har han nemnt at dei trenar  m.a. fire månader med 15 X 1500m ei veke, og 30 X 1000 m den andre veka. Det er vel berre Jan Fjærestad og Kirsten M. Otterbu som kan sei: "er det noko då..? Det normale elles er to økter dagleg - ein hard og ein lettare, men for dei som veit meir enn underteikna, så er det typisk kenyansk langdistansetreningsopplegg med det det inneber.

Laban med fire av fem!
Tidleg i august vann Laban halvmaraton i Mottala i Sverige på 1.09.50 (pers 1.04). Så kom han til Etne i Sunnhordland og var her og trente og koste seg i 9 dagar og avslutta 14. august med å knusa løyperekorden til Svein Erik Eide med 33.51 på 11 tøffe kilometre. Forbetring på heile 3 minutt og 41 sekund!

Tilbake til Sverige og nokre dagar med trening før VP milen i Vetlanda. Her vann han føre 177 andre i herreklassen. Laurdag 21. august var han startnr 23 i det kjempestore Midnattsloppet i Gøteborg med 9517 deltakarar. Av dei 5179 i herreklassen. Laban vann heile stasen! 

Det var fire sigrar, men det var fem...? Ja, han prøvde seg også for fyrste gong på motbakkeløp i NutenOpp i Rosendal. Dette var siste løp i Norgeskarusellen med Øystein Sylta og verdsmeister Jonathan Craig Wyatt. Laban vart berre nr 13; men han var fornøgd likevel, og ville gjerne prøva igjen.

Laban Onderi Siro innmeld i IF Klypetussen
Laban Onderi Siro er nyinnmeldt i IF Klypetussen. Klubben er heimehøyrande i Etne i Sunnhordland. Klubben starta i 1982 og er moderklubben til Knut Erik Rame, mange gonger noregsmeister for IL BUL og Gjesdal IL. To år etter at IF Klypetussen starta, vart  Laban Onderi Siro fødd i Kenya. No er han innmeldt. Ein får se kva det blir av det og om klubben nytter sjansen til å få ein oppsving.
 


  Ein særs blid og sosial vinnar i Langs Åkrafjorden


  Ein hyggeleg kar, Laban. Foto: Kondis v/Peder Mosdal


  Med sitt vinnande vesen er han ein hit hjå journalistar. Her i intervju med Bjørn Kjellesvik i Bygdebladet Grannar til
  høgre. Eldsjel John Karsten Hustveit i arrangementskomiteen til venstre.                     Foto: Kondis/Gisle Sellevold

  


  Laban knuste rekorden i "Langs Åkrafjorden". 33.51 på 11 tøffe kilometre.                Foto: Kondis/Peder Mosdal