Nytt motbakkeløp i Mjøsdalen
Kan det vera trong for enno eit motbakkeløp?
Då må det i så fall vera eit kjempegodt konsept om det skal lukkast.
Og det ser ut som om Mjøsdalen IL har treft spikeren på hovudet. Alt 43 påmelde - nesten alle løper i klassar med  tidtaking.

Testløp til Stoltzekleiven Opp
Løpet vert annonsert som testløp to veker før det største motbakkeløpet i Noreg - nemleg Stoltzekleiven Opp i Bergen. 900 løpte meter og 277 høgdemeter er rimeleg likt Stoltzen.

Hastar med påmelding
Hastar for dei som vil ha gratis teknisk t-shirt, som arrangøren skriv på plakaten. Då må ein melda seg på innan 30. august. Med eller utan tid - "alle skal med".

Mjøsdalen IL annonserer med middag etter løpet
For dei som likar ein prat etter løpet og syns det sosiale aspektet med konkurransar er viktig, kan det visa seg å vera ein genial idé. Vert middagen også vellukka, vil folk sannsynlegvis koma att.





Øystein Øvsthus og gjengen hans i Mjøsdalen IL er skikkeleg aktive og utruleg flinke: løparar og arrangørar. Foto: Kondis