Pokerkveld i lystig lag som start for å koma i betre form?
Poker i røykfylte lokale og med stor pengeinnsats er kan henda ikkje det me forbinder mest med trening og idrett. Men i seks unge karar i Skjoldastraumen hadde eit lystig pokerlag ein kveld i slutten av 2012. Då lova dei kvarandre heller lettsindig å legga kr 1000.- kvar i potten til den av dei som fekk beste tid i Sluseløpet 2013. 

Starta treninga i desember
Under slike høve er det lett å lova, og litt vanskelegare å følgja opp når kvardagen kjem. Nokre av dei opphavelege seks har trent ganske seriøst sidan desember. Eit par tok treninga fatt i haust. Uansett kven som vinn potten, så er det den positive effekten av dette morosame påfunnet, som interesserer Kondis. Det er kjekt å koma saman til festleg lag, det er kjekt å spela kort, men det å koma seg ut i naturen, ut å trena aukar livsgleda.

Vår informant, Thomas Langelandsvik, er bror til arrangør Eivind Tore Langelandsvik som Kondis har hatt eit intervju med tidlegare. Thomas fortel at dei var nokså storkjefta denne desemberkvelden. Seinare har det vore ein del "mobbing" for å koma i gang. Dei har trent på ulike vis, både innetrening og ute i den 4.5 km lange løypa. Storparten av treninga har vore på individuell basis; kvar har trent for seg. Dei fire han er nokså trygg på vil stilla opp på Sluseløpet er: Morten, Jørgen, Jone og han sjølv. Så får ein sjå om dei to siste i dette lystige laget ein vinterkveld i 2012, også tar utfordringa. 
 
IMG_5235_640x549.jpg
Det blir ikkje barna som får største premien i Sluseløpet i år. Det blir heller ikkje totalvinnaren..men ein pokerspelar. Anar vi ein komande pokerspelar bak premiepallen?