Frå medio april til meido september kvart år i 27 år har "Holavatnet rundt" vore skipa til kvar onsdag. Øystein Øvsthus har vore primus motor for dette løpet på 3.1 km. Start og mål på asfalt og midtpartiet på skogssti. Med seg i Mjøsdalen IL i Hosanger på Osterøy - nord-Europas største innanlandsøy - mange flinke folk. Ikkje berre flinke, men venlegheita sjølv. Det er kjekt å koma til denne karusellen.

178 med i fyrste løp i den 28. sesongen
Dei fleste går på førehand og er heiagjeng når løparane løper ut frå Hosanger Montesorri-skule, og kjem att etter vel 3 km. Men mellom 15 og førti løparar plar ta seg rundt på tid. Nokre er særs dyktige løparar, og andre godt over karrierebeste, men til saman vert det skapt eit fint miljø.

Onsdag 15. juni er neste mogelegheit du kan testa ut om dette høver for deg.

Les meir:


Kiosken med venlege folk er veldig viktig for suksessen til Holavatnet rundt.

 
Øystein Øvsthus - ei eldsjel av dei skjeldne. Med  fortid som særs dyktig langsprintar.