Bygda Hosanger - idrettslaget Mjøsdalen IL
26 løp og 63 gjekk tur i det 12. løpet rundt Holavatnet i 2011. No tek denne fantastiske helse-karusellen pause til han startar opp att onsdag 10. august. Idrettslaget heiter Mjøsdalen IL og tettstaden heiter Hosanger. Heile herlegdomen ligg på vestsida av Osterøy rett nord for Bergen, ikkje langt frå grensa til Sogn og Fjordane. Her finn ein m.a. Mjøs Metallindustri, og Norlænder som lagar kjempeflotte strikkeplagg. Osterøy er eigen kommune med om lag 7500 innbyggarar og er skildra som Nord-Europas største innanlandsøy (sjå innlimt avsnitt rett over fyrste bilete).. Enormt mange folk med hytte-tilknytning er det på øya. Dei som kjem her til, skjønar godt alle som ynskjer å ha hytte her.

Ei merkeleg hending.. "...ditt sinn monne flyve så vide omkring.."
Artikkelforfattaren er ei av dei heldige som har hytte på den fantastiske øya. Sist sundag tok eg bilen og køyrde til endes på vegen - til Kleiveland. Her ved busstoppet - i duskregn -  trefte eg eit godt vakse ektepar som kom frå sørsida av øya der dei bur. Så pakka dei  opp campingbord og stolar og mat og hadde sundagslunsjen me dotter og dotterdotter i eiga kommune. Barn og barnebarn bur fast i Italia, men heime på ferie forlangte dei å koma rundt på heimeøya. Slett ikkje dumt.

Rikt arbeidliv og mykje fritidsaktivitet på Osterøy
Sommarstid sundagar mellom kl 1500 og 1800 er det open treskofabrikk og museum og fjordkafé 25 treskoskritt frå treskofabrikken. Her er og unike bademogelegheiter i Hosangerfjorden (smør på flesk for -anger tyder fjord). Kafé med herlege nysteikte vaflar, is, brus og frisk kaffe. Kvar gong, Smilande funksjonærar og flott oppdatert heimeside.  www.mjøsdalenil

Vinnarar i det 12. løpet var: Andrine Gjerstad med 16.48 og Øystein Hanstveit med 11.23.

Elles er det mange aktive idrettslag på øya: Osterøy IL er vel det største, så har ein m.a. Haus IL, Fotlandsvåg IL og Valestrand - Hjellvik IL der ikkje ukjende Mons Ivar Mjelde tok over som trenar med seier 1 - 0 i fyrste kampen. Denne fotballklubben har og gjort seg kjend med duskedamer - meir eller mindre påkledd... Og god dekning har dei fått på NRK.

Fakta frå Osterøy kommune si heimeside
Osterøy kommune ligg på Osterøy, Nordeuropas største innlandsøy som er 329 km2. Øya ligg nordaust for Bergen i Hordaland fylke. Osterøy kommune: Areal 253 km2. Innbyggjartal 7.412 pr. 30.09.09. Kommunesenter er Lonevåg og andre tettstader er Valestrand, Haus og Fotlandsvåg. Kommunikasjon: Osterøybrua og ferjesamband Valestrand - Breistein.Sysselsetjing: Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, garveri, tekstil, næringsmiddelindustri.Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset omlag 300 personar og tømraryrket står framleise høgt i kurs på Osterøy.


 Arkivbilete. Mange er er med - små og store.


Mykje å oppleva langs løypa for dei som trimmar seg. Arkivbilete.