Meld deg på her!


Melkesyregjengen blir sikkert å sjå i år også, her er nokre av dei klare til start i 2012. Thorbjørn Ludvigsen braut rett etter start i fjor, så kanskje han prøver på nytt i år. Vi oppdaterer denne artikkelen dersom startlistene vert tilgjengelege.

Kvasshovden-løypa er 1030 høgdemeter og 7500 lengdemeter. Her er det Elise Ringen som forserer eit bratt parti nokre få hundre meter før mål.


Det er klassepremiering og fine premiar i løpet, og det er absolutt verd å melda seg på på førehand. Du sparar ein nokså stor sum, og arrangøren kan betre planleggja. Det er kondisrabatt på startkontingenten, og sjølvsagt står vi klare i løypa mer kameraet!

Fleire detaljar på Kvasshovdenopp.no

Pressemelding

Laurdag 13. juli 2013 arrangerar Ulvik Idrottslag motbakkeløpet KVASSHOVDEN OPP  for 6. gong. Kvart år har det i gjennomsnitt vore nesten 500 deltakarar – over 300 i mosjonsklassane .  Dette er eit stort folkehelsetiltak for å få folk ut i naturen. Motbakkeløpet Kvasshovden opp er 7,5 km langt og stig frå 10 til 1030 m.o.h.

Løpet har vanlege konkurranseklassar, der det er påbode med 2,5 kg ryggsekk.   Konkurranseklassane startar 11.30 på Brakanes. Påmeldingsfrist er onsdag 10.juli innan kl 24.00.  I tillegg til vanleg premiering er det pengepremiar til dei tre beste i både  menn  og kvinner.  1. pr.  er  5000 kr frå BKK til beste mann og kvinne,2. plass kr 3000, 3. plass kr 2000.

Rekordhaldar Øyvind Heiberg Sundby ,Tjalve er påmeldt i tillegg til lokale motbakkespesialistar som Kristen Skjeldal frå Voss og Gaute Kvåle, Røldal.  Torbjørn Ludvigsen frå Bergen er og påmeldt , men er noko usikker at han rekk det pga av deltaking i langdistanse EM.  Av kvinnene  er verdsmeister i skiskytingstafett Hilde Fenne frå Voss truleg det sterkaste kortet når May Brit Buer er ute med skade og Kirsten Maraton Melkevik er i Spania.

I mosjonsklassen er det inga nedre aldersgrense og inga tidtaking. Mosjonsklassen kan starta frå kl 0730 og kan registrera seg på kongressen på Brakanes hotel. Ein får høve til å vere publikum når konkurranseklassane kjem opp mot mål, der Dag Lindebjerg er speaker.

 

Det vert live-sending frå toppen til storskjerm i kongressen Brakanes Hotel- sendinga går og ut på Radio Folgefonn.

Premieutdeling vert  i Kongressen på Brakanes Hotel kl 16.30. I tillegg til vanleg premiering har me mange premiar trekt på startnummer ! Hovudpremie er ein sykkel.