Reinsfjell: Hausten 2020 hadde Kondis ein treningshelg på Hafjell for våre medlemmar. Her er eg fotografert på toppen av Reinsfjell saman med Kondispresident Tim Bennett.
Ein ting er sikkert: Eg vert ikkje noko yngre i kroppen etter kvart som åra går. Likevel har eg sett meg eit hårreisande mål for sumaren.
Artikkelen fortsetter under annonsen
Dette er en kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribentens mening.
«Hjelp, no har eg sagt det. No forpliktar det.»
Farten har gått ned og vekta opp dei siste åra. Eg gjer så godt eg kan, men det vil seg ikkje å springe like langt og fort som tidlegare. Eg sprang ikkje fort i mine unge år heller. Rekorden på maraton er på 4.14., men det var iallfall fortare enn no. Eg klarte endatil å springe maraton. Det gjer eg ikkje lenger. Når beina nærmar seg ti kilometer, startar dei depressive tankane om ubehag, og motviljen til å oppretthalde farta aukar, og når eg nærmar meg 15 kilometer kjennast det som om eg alt har sprunge ein maraton. Det sjølv om det er langt att til 42 kilometer.
Drøymer om 6-timars
No drøyme eg om å melde på eit 6-timarsløp i Eidsvoll i august. Eg kjenner skrekken nedover ryggen, og håper det vert fullteikna før eg tek den endelege avgjerda.
Eg har ikkje sprunge så langt på … ja, det er det nok berre Gud som veit. Eg har iallfall mista teljinga. Og no skal eg prøve meg igjen. Kanskje.
Sankar kilometer på vegen
Det som iallfall er heilt sikkert, er at eg skal springe mange kilometer i sumar. Som ein del av førebuingane mot Eidsvoll 6-timars, har eg tinga startplass i Kondisløpet si kilometersanking i juli. Her vert alle som klarer å sanke minst 200 kilometer gjennom månaden med i trekninga av mange fine premiar.
For meg er ikkje premiane dei viktigaste, men motivasjonen av å sjå korleis eg vil løfte meg på resultatlista kvar gong eg har oppdatert kilometrane mine.
Eg skal samle opp kilometer over nokre dagar før ei legg dei inn. Kanskje i ei heil veke? Då vil eg gjere store sprang kvar gong eg oppdaterer resultata mine.
Eg trur ikkje eg vil skremme vettet av konkurrentane, men det vil gje meg sjølv mykje motivasjon til videre trening gjennom månaden.
Planlegg fjellturar
Heile ferien skal eg bruke i Noreg. Eg liker ikkje varme, og kan difor stå å vinke til alle dei som dreg til Syden utan å kjenne eit snev av avundsjuke. I staden vert eg bekymra når eg veit dei er der nede, og eg kan sjå på vêrmeldinga at temperaturen nærmar seg 40 grader.
Eg og han eg er gift med skal i staden på nokre fjellturar. Eg veit ikkje om eg tør å nemne det skumlaste, men vi planlegg ein tur opp til toppen av Snøhetta. Hjelp, no har eg sagt det. No forpliktar det.
Vi har i fleire år snakka om å gå opp på Snøhetta ein sumardag, men det har aldri vorte noko med oss. I staden har vi gått i Trollheimen og bestege dei fleste fjella rundt Oppdal der mine svigerforeldre bur. Det skal vi i år også. I tillegg skal vi altså på Snøhetta.
Det fyrste målet
For kvar fjelltur eg tek eller gåtur til toget og butikken eller springtur i skogen, skal eg notere meg kor mange kilometer eg legg bakom meg. Desse skal eg summera og leggje inn på resultatlista til Kondisløpet si kilometersanking for juli.
Det fyrste målet er å klare minst 200 kilometer. Det neste målet er å slå min egen rekord frå sist eg var med i 2023. Då klarte eg å samle 322,77 kilometer, og kom på andreplass i klassa mi, og vart femte beste dame.
Eg hadde ikkje så mykje å stille opp med mot Louise Skak, som samla over 700 kilometer, Kristin Overvaag, Esther Innselset eller Line Viola Hvammen, som alle låg framfor meg på resultatlista, men eg var særs nøgd. Det er eg framleis. 322 kilometer på ein månad står det respekt av.
I år skal respekten eg har for meg sjølv styrkast. Då skal eg samle minst 323 kilometer.
Om eg klarer det, klarer eg kanskje òg å halde ut ei stund om eg tingar ein billett til Eidsvoll 6-timars.
Vi får sjå. Det viktigaste er uansett å halde seg i form, og det er lettast om ein finn ein aktivitet ein trivst med og eit mål som er overkommeleg.
For meg vert det kanskje med Kondisløpet si kilometersanking og Snøhetta.
Lukke til og god sumar alle saman!
Litt mer om Marianne Røhme
Marianne Røhme (61) er daglig leder i Kondis – norsk organisasjon for kondisjonsidrett og ansvarlig redaktør for bladet og nettsiden. Hun er utdannet sivilagronom fra Norges miljø- og biovitenskaplige universitet og journalist fra Høgskolen i Oslo. I tillegg har hun bygd på med økonomi og medielederutdannelse. Hun kommer fra stillingen som ansvarlig redaktør for to tidsskrifter i Tun Media. Marianne er en ivrig kondisjonsutøver. Liker best løping, men er også å finne i skiløypa på vinteren eller på sykkelen om sommeren.
Reinsfjell: Hausten 2020 hadde Kondis ein treningshelg på Hafjell for våre medlemmar. Her er eg fotografert på toppen av Reinsfjell saman med Kondispresident Tim Bennett.
I sumar skal eg slå mine gamle rekordar
Skrevet av Marianne RøhmeEin ting er sikkert: Eg vert ikkje noko yngre i kroppen etter kvart som åra går. Likevel har eg sett meg eit hårreisande mål for sumaren.

Del artikkelen
Siste kommentarer
I sumar skal eg slå mine gamle rekordar
Bedre å bli skadet av aktivitet enn av stillesitting
Ulike blomar i idrettshagen
Følelse av maratonfeber
Eg lærar aldri
Har deltakelsen i turrenn stagnert?
Når det går så det susar
600 kroner for å løpe 10 kilometer, men hvem får pengene?