Trongjo Opp er fyrste løp i Klypetuss-karusellen. Løpet er 115 m flatt i starten nede ved Stordalsvatnet i Etne kommune før det stig i svingar opp mot E-134 ca 1530 m.
I høve jubileet ber arrangøren på gratis kafé på Sævareid Skule 350 m av frå E-134 ned mot Kyrping Camping. Her har dei og opne garderobar. Det er etter kvart løp dei skipar til, trekking av premiar.

Så - også i april - 13.4. og 27.4. fylgjer Trongjo Ned 2250 m og Bjørkeklubben Over 1269 m (målt med målehjul).

Tradisjonsrike løp
Alle desse løpa starta i 1983. Fram til og med 1998 var det to av kvart: det fyrste testløp, det andre kvalifiseringsløp til Holmenkollstafetten. IF Klypetussen har pers i HK-stafetten på 53.59 med Knut Erik Rame på laget.
Han var god før han fyrst reiste til IL BUL og så vidare til Gjesdal IL, men det var i desse klubbane han vart noregsmeister mange gonger på bane og i terreng for nokre år sidan. IF Klypetussen er likevel veldig stolt av han. Ein flott person, og knallgod idrettsmann.

Utan trufaste funksjonærar stoppar Idretts-Noreg.
Olav Samland og Harry Hustoft som så tragisk omkom i ei bilulukke for nokre år sidan, har vore trufaste leiarar alle dei 30 åra IF Klypetussen har eksistert. Dette er viktig å få med seg - og gje ros til dei som står bak at klubbene eksisterer og har tilbod til gamal og ung.


Like før start i Trongjo Opp. Ikkje store folkemengder, men med turgåarar samlar løpa ca 50 personar kvart år.


IF Klypetussen har vore heldige og fått Laban Siro som medlem. Han vann m.a. Midnattsloppet i Gøteborg i fjor. 10500 deltakarar. han bur og trenar heime i Kenya, men kjem til Skandinavia i tre månader om sommaren. Ein kjekk person.


Ein idrettsleiar av format. Olav Samland. Har stått på i IF Klypetussen i alle 30 åra. Vann logokonkurransen i 1982. Har 2.03.8 og klubbrekord på 800m, organiserer turar til Holmenkollstafetten, og har vore allsidig leiar i veldig mange år.


Skjalg Duesund er ein løpsglad og dyktig veteran. I fjor hadde han 19.59 på 5 km i tøff løype i Tysværtrimmen. Her i klubbdrakt.