Runar Gilberg (49) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton


Ingressbildet: El Presidente, Tommy Olsen, deler ut premier etter Hank Williams Minneløp
(Foto: Runar Gilberg).

Vignett-kondiskommentaren.jpgIDEALISTAR:
Ein av grunnane som Norges Friidrettsforbund nemnde for å innføre den mykje omtala lisensen, var at dei ville demme opp for kommersielle aktørar. Akkurat det verka litt rart sia lisensen bidrog til å gi eventuelle kommersielle arrangørar eit konkurransefortrinn sia dei slepp å betale lisens.

Men i kjølvatnet av dette har vi som prøver å unngå lisensløp, fått høyre at vi støtter AS og kommersielle interesser når vi stiller opp i lisensfrie løp.

Til det kan eg seie at eg har den største respekt for den dugnadsinnsatsen som blir lagt ned av frivillige i dei mange idrettslaga som arrangerer løp. Berre så synd at ein stor del av det overskottet dette arbeidet gir, blir skattlagt og overført frå lokalmiljøet til forbundet sentralt. På vegen til (og eventuelt ifrå) forbundskontora blir pengar borte i administrasjon, og eg trur overskottskronene uansett ville vorti minst like godt disponert om dei som skaffa dei til vege, fekk behalde dei.

Og det er slettes ikkje nokon automatikk i at lisensfrie løp blir drivne av aksjeselskap eller andre kommersielle krefter. Hovudregelen er snarare den motsette – at det er idealistiske foreiningar og einskildpersonar som står på for å skapa noko positivt i lokalmiljøet sitt. I dei tilfella der det oppstår eit overskott, blir det gjerne gitt bort til gode føremål.

Mange stader arrangerer også bedriftsidretten lisensfrie løp, og heller ikkje her er det dei kommersielle interessene som styrer.

I vår har eg vori med på fleire lisensfrie løp, og dei har vori så fjernt frå AS og kommersiell kultur som ein omtrent kan komma.

Eg sprang Holmestrand Marathon, driven fram av engasjerte Thomas Pinås, som gir bort overskottet til Aktiv Mot Kreft.

Fleire gonger har eg vori med på Sognsvann Rundt Medsols, arrangert av idealistar som for ein billeg penge gir folk eit fantastisk trimtilbod kvar onsdag kveld. Startkontingenten går tilbake til deltakarane i form av premiar og servering.

Eg var med på Schjongsfemmer’n i Hønefoss der flotte folk i Foreningen Schjongsløpene står på og arrangerer for både små og store i den idylliske løypa langs elvebreidda. Overskottet blir brukt til å ta vare på traseen og naturområdet samt andre gode lokale føremål.

Plakaten_IMG_5963.jpgTil sist sprang eg Hank Williams Minneløp, også det i Hønefoss-området. Den musikk- og løpsglade gjengen i Luke The Drifter’s Running Team har sia 2002 arrangert løp med ein heilt spesiell atmosfære mellom furutrea på Kilemoen. Til saman har dei gitt bort over 170 000 kroner til hjelpetiltak for rusavhengige, psykisk utviklingshemma, asylsøkarar og andre svake grupper.

Desse lisensfrie løpa er så lite kommersielle som dei kan få bli, og ingen skal få seie at arrangørane tek pengar frå verken idrettslag eller barneidrett. Om ikkje idealistane som står bak, arrangerte løpa, ville ingen andre gjera det.   

Den store kommersielle aktøren på løpsmarkedet, Competitor Group, var det Norges Friidrettsforbund som inviterte til landet. Men dei var så glupske at dei to år på rad avlyste sin Rock’n Roll Marathon – da det viste seg at profitten ikkje ville bli stor nok.

Mai er vorti juli, men eg stemmer i eit stort hurra for Hank og Schjong, for Holmestrand og SRM – og alle dei andre flotte løpa med lokalt engasjement og ekte idrettsglede som drivkraft..