Flinke arrangørar på Karmøy
I Kondis ser me stadig arrangørar som har eit godt produkt å tilby, men slurvar med PR eller andre sider av løpet sitt. Sider av eit kvart arrangement som gjer at det vert vellukka. Det er enkelte arrangørar som ikkje bryr seg med å få kontrollmålt klassiske distansar som 5 km, 10 km, halvmaraton og heilmaraton. Det er for dei fleste av løparane essensielt at løypene er kontrollmålte. 

Nei, takk til gratis reklame?
Gratis reklame på www.kondis.no eller diverse løpsrelaterte heimesider, og grupper på facebook, vert ikkje brukte. Då hjelper det fint lite med  løyper i vakker natur, eller spesielt raske løyper, og elles godt arrangement. Få folk kjem, og det inspirerer ikkje til neste års arrangement. 

I Karmøy Maraton ser det ut til at dei gjer alt rett
Nettsider er tekne i bruk, Kondis får stadig positive tilbakemeldinger. Treningstilbod på førehand i løypetraseen er blant det me kan få oppdatering om på Karmøy Maraton på facebook.. Det siste www.kondis.no fekk melding om var at no er løypene kontrollmålte, og at Afterrun-partyet (som det heiter på godt Kopervik-mål) snart er fullteikna. 

Og så har dei ikkje minst samarbeid med den framgangsrike Stavangerklubben Spirit under kyndig leiing av meriterte Einar Søndeland (bra løpar, men endå betre arrangør). 

No vert det spennande laurdag 16. november om dei får til alt dei prøver å gjera korrekt, m.a. tidtakinga (som til og med Oslo Maraton sleit med i år).