Karuselløypa vert dei velkjente 2,2 km rundt Eikangervågen, populært kalla «Brua rundt» – med start og mål ved Eikanger skule. Nytt i år er at heile løpet går på fast dekke, då kommunen har asfaltert vegen frå skulen og utetter vågen til brua. Så med dei rette vêr- og føreforholda ligg det til rette for gode tider.

Eikanger IL har lagt opp til fire løp før jul og seks etter nyttår. Løpsdatoane for løpa før nyttår er: 15. oktober, 5. november, 26. november og 17. desember.

Første løp etter nyttår vert laurdag 7. januar, deretter vert det løp 28. januar, 18. februar, 10. mars, 24. mars og 14. april.

Alle løpa går laurdags ettermiddag og starten er presis kl. 15.00.

Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får premie. For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar og 100 startar. Det vert også trekt ut nokre premiar på startnummer ved kvart løp.

Vinterkarusellen er slett ikkje berre for dei som vil springa fortast mogleg rundt Eikangervågen. Over halvparten av dei som deltek tek som regelen turen som ein trim utan tidtaking. og deltakarane er i alle aldrar, frå dei knapt kan gå til langt opp i pensjonsalderen.

 

Litt historie

242 løp har vore avvikla sidan første løpet i desember 1979. 13 695 startar er registrerte på 32 sesongar.

Flest løp før årets sesong har Terje Eidsnes  204, Steinar Haukås 195,  Sverre Solberg 192, Sigmund Nævdal 182,  Alf Høyland 182, Arvid Hauge 177, Leiv Eidsnes 170, Sverre Låstad 144, Anders Eidsnes 139 og Atle Rød 135.

Marith Haugen og Tone Sperrevik, begge med 96 startar, er dei to kvinnene som har delteke flest gonger. Kven av dei vert først til 100?

Løyperekorden for «Brua rundt» er på 6.10 i den omlag 2 150 meter lange løypa. Kjetil Hodnekvam frå AKS 77 sprang på denne tida 10.11.01. Raskast i førre sesong var Øystein Aamli med 6.12. Best tid i dameklassen er det Bertine Helene Færø som har med 7.22 frå 19. februar i 2011, det sjette løpet i sist sesong.

To personar, Arvid Hauge og Steinar Haukås, har vore med i eitt eller fleire løp kvar einaste sesong sidan starten.

Harald Nygård med 30 sigrar toppar lista når det gjeld å vinna flest løp. Atle Rød og Helge Færø har begge 26 sigrar. I kvinneklassen har Sigrun Molland vore raskast 41 gonger, Sara Rebekka Færø 21 gonger og Bente Merete H. Færø 17 gonger.