Kenyansk revasjeoppgjer på norsk jord
Victorialoppet på Øland fredag 15. juli 2011: Nr 1 Francis Kipketer Chesumei, nr 3 Laban Siro. No vil begge koma til "Langs Åkrafjorden" laurdag 13. august. Laban vil forsvara den gode rekorden han sette i fjor. 33.51 på kontrollmålt 11 km. I tillegg er løypa sterkt kupert. Det var vel det sterkaste løpet Laban Siro gjorde i fjor. Sterkare enn sigeren i Midnattsloppet med 9000 deltakarar i Gøteborg...?

Francis Kipketer har 2.10.47 på maraton. I tillegg har Robert Limo antyda at han vil koma den 13. august. Han er god, men pr i dag ikkje av dei to andre sin kaliber. Han er student og får ikkje trent så mykje som dei to andre.

Miriam Berg Hovda har kvinnerekorden
41.28 er løyperekorden for kvinner. Og verdsrekordhaldar på 5000 m, 10000 m, halvmarathon og marathon - Ingrid Kristiansen var med i det løpet! Miriam Berg Hovda vann då, som så ofte elles, og har framleis løyperekorden. Elles har Marit Årthun vore med på å prega Langs Åkrafjorden. Ingen får noko gratis når ho er med. Kviterussiske Maryna Novik, som no representerer Vindafjord IL, har også løpt sterkt i dette løpet.


Her ser me Miriam heilt fremst i startfeltet.


I fjor, i det 8. "Langs Åkrafjorden", var det Laban Siro som var forgrunnsfiguren i pressa både før og etter løpet. Foto: Kondis


Det er pengepremiar for løyperekord og til dei beste!


Dessverre kolliderer løpet i år med bane-NM i friidrett der Ragnar Stølsmark, GTI-Stavanger er god nok til å vera med. Han vart nr 2 bak Laban i fjor.


Røldal IL plar stilla sterkt. Her med Gaute Kvåle og Kjersti Fresvik. Begge knallsterke løparar. Foto: Kondis/Sellevold


Marit Årthun vann for 14 dagar sidan Noregs tøffaste fjelløp, Hornindal Rundt. Her på matstasjon halvvegs. Ho har også vore norgesmeister på maraton. Foto: Helge Fuglseth


På toppen av løypa etter 2950 m er det tidtaking og Bergprisen går til raskaste kvinne og mann. Foto: Olav Samland











Arrangøren: Fjorda-alliansen prøver å skapa eit kvalitetsløp. Er du Kondis-medlem får rabatt på startkontingenten!




Maryna Novik er kviterussar, men er no bondekone i Vikedal i Rogaland. Ho er ein dyktig løpar.


Nr 198 Laban Siro kryssar mål-linja på 33.51! Løyperekorden er knust med 3 minutt og 41 sekund. Naturskjønn trasé. Foto: Peder Mosdal.