Tilskiparane i Fjæra og Rullestad IL har lagt ned eit kollosalt arbeid for å få til løype rundt Rullestadvatnet. Staden ligg heilt aust i Etne kommune med grense til Odda kommune. Begge kommunane i Hordaland. Start og mål er ved Halvfjordingen camping og kafé, som er bygd på tunnelmasse som er fylt ut i vatnet. Her er hytter, utleigerom, sandvolleyball-bane, gratis utlån av båter, steinpark, stupebrygge og sandstrand.

Jubileum og løyperekord av heimefavoritten Erik Rullestad. 
Erik er 19 år nokre veker til, og er framleis i fin utvikling, solid coacha av Susanne Wigene. Rekorden på 20.57 i fjor, vart knust. No er han fyrste som har sprunge rundt vatnet under 20 minutt. Ny rekord er 19.46. Kjersti Fresvik har framleis jenterekorden på 25.39.

Kirsten Lien føre Ann Kristin Mosbron
Kirsten Lien
, opphaveleg frå Etne, no ivrig røldalspatriot, var raskast av damene. Ho slo ein så sterk løpar som Ann Kristin Mosbron. Sjølv om Ann Kristin ikkje har sin force i terrengløp, så stilte ho opp, og sette farge på arrangementet. Når kjende namn som Ann Kristin kjem, er det ein skikkeleg boost for arrangørar ute i distriktet. Kirsten debuterte i løpet, og fekk fyrsteplass som belønning. Tid 26.20, nest beste tid nokonsinne. Jubileum for Sølvi Markhus. Ho vann i 2010, i det fyrste arrangementet. Ho er ein av dei få som har vore med alle fem åra. Og no persa ho seg. Sterkt gjort!

Tøff løype for tøffe deltakarar
Sjølv om løypa er tøff med tretrapper og ein del smale passasjar, og bratte nedstigingar, er ho godt løpande. Somme stader er det flotte trebruer over dei mange elvane. Krosselva, Sagelvo og Raudbekknes er nokre av stadene me passerer med forseggjorte namneskilt. To stader er det sett opp fine benker. Dette året var løypa så godt som knusktørr heile vegen. Men neste år bør Fjæra og Rullestad IL starta turgåarane litt tidlegare. Løypa er nemleg særs trang nokre stader. Litt betre merking nokre stader hadde vore eit pluss.

Den lokale sjuåringen Hannes Melkeraaen Lundal, sprang rundt vatnet på 38.27. Imponerande!

Femårsjubileum og deltakar-rekord
21 løparar på tid var rekorden. Med litt meir FB, og annonsering elles, steig talet til 32. 41 turgåarar. I alt 73 deltakarar! I 2013 var det tilsaman 41 som deltok.Dette er mange fleire deltakarar enn det er innbyggarar i nedslagsfeltet Fjæra og Rullestad. I alt 8 jenter, også dette er rekord. Vel blåst, Fjæra og Rullestad IL!

Rankingliste alle fem åra til slutt etter alle resultata!
1-20140713_113522.jpg
Avslappa tilskiparar i Fjæra og Rullestad IL hadde orden på opplegget i god tid.            

1-DSCN5555.JPG
Kondis var der - som vanleg.

1-DSCN5559.JPGOppvarming er viktig. Dei har lært det i Røldal IL.

1-DSCN5560.JPGMykje folk til femårsjubileet.

1-DSCN5564.JPG
Tøres- og Erik Rullestad saman med ein annan favoritt, Per Øyvind Valen.

1-DSCN5566.JPG
Med lokal mormor, kjem Kristian M. Brekke gjerne frå Oslo til "Rullestadvatnet Rundt".

1-DSCN5567-001.JPG
To glimrande unggutar, Kristian- og Eirik Silde!

1-DSCN5569.JPG
Spirit, Stavanger Friidrett stilte, og kasta glans over femårsjubileet til "Rullestadvatnet Rundt". Ann Kristin Mosbron, Jan Espen Lanton og nr 10 Arne Tommy Nilsen.

1-DSCN5571.JPGOn your marks, get set....! 7-åringen Hannes M. Lundal (nr 21) offensiv heilt framme ved startstreken.

1-DSCN5577-001.JPGKlappa fram til velfortent premie.

1-DSCN5580.JPGHilde Marie Melkeraaen og Anders Eie vann begge premie i femårsjubileet - og gifter seg om 14 dagar.

1-DSCN5581.JPG
Dette er sjuåringen som sprang så flott rundt vatnet i heimbygda, Hannes Melkeraaen Lundal.

1-DSCN5583.JPG
Tøres Rullestad vann guteklassen føre Bård S. Medhus og Kristian M. Brekke.

Rullestadvatnet_Rundt_damepall_640-DSCN5586.jpg
Tre beste jenter: Ann Kristin Mosbron (nr 2), vinnar Kirsten Lien og Sølvi Markhus (nr 3). Men også Signe Ellen Fjæra frå arrangøren, gjorde eit veldig bra løp på 4. plass. Well done, girls!

1-DSCN5589.JPG
Erik Rullestad fyrstemann under 20 minutt rundt Rullestadvatnet. Rekord 19.46
på 4.7 km i tøff løype. Nr 2 Nils Kristian Berge og nr 3 Per Øyvind Valen.
Nr 4 vart Torleif Fjæra på pers, og god tid. Han er mann til nr 4 i dameklassen.

1-DSCN5563.JPG
Nils Magnus Berge utan startnummer i år - lova Kondis å springa neste år.

Resultater for dei som løp på tid::
Barn:

Tøres Rullestad - 25:18

Bård S. Medhus - 28:07

Kristian M. Brekke - 28:10

Kristian Silde - 28:17

Marius Bratvold - 30:36

Erik Silde - 35:24

Emilie Bratvold - 36:48

Oda S. Medhus - 38:10

Hannes M. Lundal - 38:27

Damer:

Kirsten Lien - 26:20

Ann Kristin Mosbron - 29:24

Sølvi Markhus - 33:29

Signe Ellen Fjæra - 34:29

Maren Markhus - 37:06

Eldbjørg M. Brekke - 41:24

 

Herrer:

Erik Rullestad - 19:46

Nils Kristian Berge - 22:08

Per Øyvind Valen - 23:17

Torleif Fjæra - 24:21

Jan Espen Lanton - 24:46

Kristian Ohma - 25:00

Asgeir Rusti - 26:08

Bernt Jarle Storhaug - 26:13

Olav Samland - 27:52

Skjalg Duesund - 28:41

Johannes Silde - 28:55

Harald Måge - 31:45

Arne Tommy Nilsen - 32:22

Robert Melkeraaen - 38:28

Lars Øyre - 39:05

Roger Brekke - 39:55

Gisle Sellevold - 51:57

TUR RUNDT VATNET (og kanskje med statnummer i 2015...)
Aud Markhus
Eilert Jegteberg
Gro Siri Fjæra
Veline Fjæra
Sebastian Storhaug
Trygve Ringøy
Eskil Fj. Ringøy
Synne Fj. Ringøy
Ole Vidar Melkeraaen
Inger Mari Melkeraaen
Hilde Marie Melkeraaen
Anders Eie
Vivi Olaug Lundal
Ole M. Lundal
Marit Pedersen
Åse Langhelle
Sofie Meland
Elisabeth Silde
Linn Silde
Ole J. Bjørkestrand
Brynhild Bjørkestrand
Simone Bjørkestrand
Helene M. Brekke
Ragna Markhus
Olbjørg Rame
Gerd Tungesvik
Ingrid Stengårdsbakken
Kjersti Markhus
Marta Sveen
Unni Halvorsen
Marthe Markhus
Eirik Mæland
Nils Medhus
Helga Medhus
Anita Jersdal
Olaf Håland
Odin Sandvik Håland
Håkon J. Sandvik
Heidi Sandvik
Gerd Mæland
Jan Otto Mæland

Rullestadvatnet_Rundt_Loepsranking_etter_fem_loep-kvinner.jpg
Rullestadvatne_Rundt_Loepsranking_etter_fem_loep_menn_s1.jpgRullestadvatnet_Rund_Loepsranking_etter_fem_loep_menn_s2_.jpg