Kjersti Fresvik, Røldal IL og Thomas Finshus, Stegaberg IL seira i det 2. Rullestadvatnet Rundt.
Dei sette og løyperekordar og gjorde veldig gode løp. I kvinneklassen var det dobling frå 3 til 6 deltakarar. Det var og fleire flinke jenter som løp rundt vatnet, men registrerte seg i turklassen. Løypa er ikkje målt enno, men sannsynlegvis ca 4.5 km.

"Halvfjordingen" Langs E-134
Start og mål for "Rullestadvatnet Rundt" ligg ved E-134 i Etne kommune i Hordaland. På veg ned frå Seljestad køyrer ein over Vintertun i Odda kommune, og kjem så ned til Rullestadvatnet. Ca 30 km frå Odda og 100 km til Haugesund. Lars Hertervik malte fleire av sine berømte bilete herifrå. "Halvfjordingen" er ein flott ny campingplass med kafé med utsikt over vatnet, og utleige av campinghytter og båter. 

60 - 70...?
30 gjekk tur og 19 løp på tid. det skulle bli 49 deltakarar. Det er for så vidt rett, men det var 15 -20 som gjekk utan å registrera seg. Uvisst av kva grunn. For arrangøren hadde same startkontingent som i fjor, berre 50 kr som innebar trekkepremiar og saft i målområdet.

Løyperekordane er no:
Kvinner:     Kjersti Fresvik,      Røldal IL               26.13
Menn:        Thomas Finshus, Stegaberg IL        21.23


 Kjersti Fresvik, Røldal IL og Thomas Finshus, Stegaberg IL med flotte nye løyperekordar. Foto: Kondis


 Kjersti Fresvik, Røldal IL moste den gamle løyperekorden med 8 minutt og 26 sekund!   Foto: Kondis


Kristian Silde, Etne IL eit flott talent!


"Gamleordføraren" Lars Øyre i storform! I tillegg utfordra han Kondis sin representant
til neste år. Han takka ja - og må då forbetra seg med om lag 5 minutt.  Foto: Kondis


I fin stil mot mål - på god tid: Jan Egil Utsikt. Tid: 26.37.                                                Foto: Kondis

Resultat frå Rullestadvatnet rundt 10.07.2011
Arrangør: Fjæra og Rullestad IL

Det var 30 med i turklassen og 19 i løpsklassen. Veret og dårleg marknadsføring får ta skulda for at ikkje fleire deltok! Flott atmosfære.

Damer:
 1. Kjersti Fresvik, Røldal IL            26.13 (ny rekord)
 2. Elisabeth Silde, Etne IL              33.46
 3. Sølvi Markhus, F.R.I.                 35.52
 4. Maren Markhus, F.R.I.                 44.12
 5. Helene Markhus Brekke, F.R.I.         52.31
 6. Marthe Markhus, F.R.I.              1.31.26
 
Herrer:
 1. Thomas Finshus, Stegaberg IL          21.23 (ny rekord)
 2. Erik Rullestad, F.R.I.                22.42
 3. Øystein Ekrheim, Etne IL              24.02
 4. Jostein Skare Thygesen, IL Korlevoll  24.05
 5. Hans Rune Eikeskog, Stegaberg IL      24.17
 6. Sverre Aksland, Stegaberg IL          24.54
 7. Ole Rullestad, F.R.I.                 26.04
 8. Jan Egil Utsikt,                      26.37
 9. Ove Ekrheim, Etne IL                  27.57
10. Kristian Markhus Brekke, F.R.I.       30.05
11. Kristian Silde, Etne IL               30.34
12. Lars Øyre, F.R.I.                     37.07
13. Gisle Sellevold, IF Klypetussen       41.41