Salomoncupen er den offisielle norgescupen i motbakkeløp, arrangert av
motbakkeløpsutvalet i Norges Friidrettsforbund og Salomon.

4.juni arrangerast andre løp i denne cupen: Hovlandsnuten Opp i Sauda.

Etter første løp i Bergen (Ulriken Opp 21.mai) ser poengstillinga i
cupen slik ut;

Damer;
1. Heidi Weng (IL i BUL) 100 poeng
2. Kirsten Marathon Melkevik (BFG Fana), 90 poeng
3. May Britt Buer (Gular IL), 85 poeng
4. Tuva Toftdahl Staver (IL Heming) 80 poeng
5. Therese Sjursen (BFG Fana), 75 poeng

I dameklassa er Buer og Sjursen påmeldt i Sauda, så førebels ligg det
an til endringar i teten. Merete Weng er mor til Heidi Weng, og kan nemnast som eit anna sterkt
namn ettersom ho tidlegare har vunne m.a. Spåtind Opp og markerte seg
i Ulriken Opp.

Herrer;
1. Thorbjørn Thorsen Ludvigsen (BFG Fana) 100 poeng
2. Torstein Tengsareid (IL Skjalg) 90 poeng
3. Joel Dyrhovden (Samnanger IL) 85 poeng
4. Gaute Kvåle (Røldal il) 80 poeng
5. Kristen Skjeldal (Voss IL) 75 poeng

Alle dei fem i teten i herreklassa er påmeldt i Sauda. Gaute Kvåle frå
Røldal samlar også poeng i juniorklassa i Salomoncupen og må sjåast på
som et verkeleg stort løpstalent. Også fjorårsvinnar i Salomoncupen
Øyvind Heiberg Sundby er påmeldt samt den sterke langrennsløparen Sjur
Røthe, så det blir garantert tøft for dei som ønskjer å hevde seg i
teten i Hovlandsnuten Opp og i Salomoncupen.

Løpet har start ved fjorden og har ei lengde på 7 km med ei stigning
på 911 meter. I konkurranseklassa er det så langt 135 påmeldte i
Sauda. For bilde, sjå her;
http://www.hovlandsnuten.no/Hovlandsnuten/Galleri/Galleri.html

Salomoncupen består av fem løp der samanlagtvinnarane kjempar om
premiar frå Salomon og Suunto verdt 130 000,- ;
21.mai: Ulriken Opp, Bergen
4.juni: Hovlandsnuten Opp, Sauda
25.juni: Storehesten Opp, Gaular
17. juli: Kvasshovden Opp, Ulvik
1.oktober: Oslos bratteste, Oslo

Heimesida for Hovlandsnuten Opp
http://www.hovlandsnuten.no/Hovlandsnuten/Velkommen.html

Fullstendig poengstilling etter første løp i Salomoncupen;
http://www.motbakkecup.no/poengstilling.aspx

Liste over påmelde i Hovlandsnuten opp


Thorbjørn Ludvigsen er påmeld til Hovlandsnuten opp og må finna seg i favorittstemplet.


Heidi Weng leiar Norgescupen etter sigeren i Ulriken opp, men er ikkje blant dei mest aktive motbakkeløparane, så det er ikkje sikkert ho melder seg på i kampen om cupvinnartittelen. 

Ingressbilete:
Øyvind Heiberg Sundby på veg i mål i Kvasshovden opp 2009. Kvasshovden opp i Ulvik er NM-løpet i 2011.