For åttande gong er det klart for Mefjellet opp, i år er dagen søndag 20. juli.

Mefjellet opp er om lag 7 km langt og har ein høgdeskilnad frå 1100 meter.  Terreng og underlag er variert og set krav til deltakarane. Løypa er likevel slik at den som er i god form utan vanskar kan  springe heile distansen. Det er ingen vanskelege parti under vegs. Etter ein nedgang i  deltakartalet i fjor, håper arrangøren Valldal Idrettslag, på rundt 200 deltakarar i år

 

Løyperekordane har Anita Håkenstad  Evertsen i dameklassa med 51,21, medan Johan Bugge har beste tid i herreklassa med 44,45. Dette er sterke tider og dei som skal slå desse skal både vere i god form og ha ein god dag. Johan Bugge stiller til start i år også, han er akkurat komen tilbake  frå EM i motbakkeløp i Bulgaria. Der vart han nr 17 og beste norske

 

For dei som vil ta det litt rolegare på turen er det muleg å stille i mosjonsklasse utan tidtaking. Deltakarar i denne klassa kan starte på kaia heilt nede ved sjøen eller som alternativ på Hauge. Då vert distansen om lag 4 km.

 

Det er særskild premiering til dei 3 beste i dame- og herreklassa i tillegg til  klassevis  premiering. Alle deltakarar får medalje på toppen. I mosjonsklassa er det uttrekkspremiar. Ein weekend for to personar på Union Hotell i Geiranger vert trekt mellom alle deltakarar i mosjon- og konkurranseklassa. 

Kondis vil vere tilstade for å dekke arrangementet

 

Les reportasje med resultat frå Mefjellet Opp 2013


Sjå Mefjellet Opp på terminlisten


Sjå vermeldinga for Mefjellet på yr.no

 

JJohan Bugge-kopi_640x428.jpg

Johan Bugge er "Kongen" av Mefjellet Opp. Han har løyperekorden og han har vunne dei siste åra. Johan har og sagt at av alle motbakkeløpa er det Mefjellet Opp som passer han best (foto: arrangør)

 

Rune_Malo_Oedegaard_forhand
Vi tar og med med eit bilde av mannen som blei nummer to i fjor, Rune Malo Ødegård

 

Tre_beste_forhandHer ser vi dei tre beste herre- og kvinneløparane frå Mefjellet Opp 2013

 

Meir informasjon på www.mefjelletopp.no