Etter suksessen med deltakar-rekord og løyperekord i Bjørkeklubben Over 2. april, er det no det 3. løpet i "Klypetuss-karusellen" TRONGO NED. 1635 m ned med ca. 8 % fall, før dei siste 650 m er heilt flate. 

Maryna Novik, frå arrangørklubben IF Klypetussen har løyperekorden for kvinner med 6.44, og Marius Emil Salvanes frå Åkra IL på Karmøy har rekorden for menn med 5.49. på ca. 2300 m. 


Bra premiar i Klypetuss-karusellen
Vinnar av dame- og herreklassen får kr 500,-.
Klarer vinnaren i tillegg å sette løyperekord, vert det kr 500,- ekstra.
Og så er alle gåarar og løparar med i trekkjing av små og litt større premiar.


Deltakar-rekord for Trongjo Ned = 20 Million-Flax eller kr 1000,-
Det var populært då arrangøren trekte ekstrapremie sist løp i karusellen, der det blei deltakar-rekord med over 100. Dette vert gjenteke også i Trongjo Ned. Blir det rekord for heile karusellen vert det trekt ein ekstrapremie på kr 1000. Med kr 20,- for ungar og kr 50,- for vaksne, så er det ikkje med tanke på store overskot IF Klypetussen arrangerer denne karusellen. Men stor deltaking og mange glade fjes skapar ny energi for lokalmiljøet og er verdt utlegga.

Barneløpet for vaksne...
Barneløpet er ein kortversjon for ungar t.o.m. 15 år, pluss vaksne som har lyst til å delta, men ikkje våger heile løpet. For dei borna vert det tidtaking med alfabetisk resultatliste. For dei andre trim utan tidtaking, men alle er med på premietrekkjinga.


IMG_0587.JPG
Egil Prestegård vann 20 Flaxlodd under Bjørkeklubben Over. 

Start Trongjo Ned 2014.jpgMen for å vinna noko, må ein stilla opp...

Trongjo Ned 2014 Marius.jpg
Løyperekordhaldar Marius Emil Salvanes, Åkra IL på Karmøy. 5.49 på 2300 m.

1. plass på Maryna.jpg
Løyperekorhaldar Maryna Novik, IF Klypetussen 6.44 på 2300 m.


IMG_0386.JPG
Akkurat som startnummera, er dette banneret eit klenondium laga til fyrste treengløp april 1983.