Her er vinnaren av Langfoss Opp si store logokonkurranse. Det kom inn mange spanande og flotte forslag, så juryen hadde ein tøff jobb med å kåre vinnaren. Logoen er teikna av Sinan Softic.

Historia bak Langfoss Opp
Langfoss Opp vart nemnt som mogelegheit av Harald Fjæra under ein tur på stølsvegen til Eljervik Gard langs fossen. Lørdag 3. juli 2010 vert ideen realisert.

Løypa startar på 15 m.o.h. og har målpassering 650 m.o.h. På 1750 løpte meter er dette ein av dei råaste løypene i Europa. Derfor har det fine treskiltet me brukar i promoveringa av løpet undertittel "...for dei tøffe". Fantastisk utsikt på toppen!
 
Men når dette er ein stølsveg, så må me gå vidare inn på den vakre stølsvollen på Langfosstøl som ligg under garden Eljervik i Åkrafjorden. Her sponsar den lokale, velrenomerte pølsefabrikken Johs Lundal og Sønner a/s grillmat. Bondekona (mellom anna) Nina Kaltwasser tek i mot oss med på stølen der grillinga går føre seg. 
 
Elva er brei og flyter stille her, slik at ein kan bada av seg sveitta og koma seg i reint og turrt tøy. Fotokonkurranse er det og. Alle må ha sekk med minimum 2.5 kg med seg. Eit lite lett moderne kamera kan ta fenomenale bilete. det kan vera lurt å ha med seg i sekken. Elles finn ein mykje meir om løpet og Jarle Kolbeinsen sine nydelege foto og GPS opplysningar frå hans test tur lørdag 26. juni på  Langfoss Opp si nettside

Langfossen finn du i Sunnhordland ca. 35 mil fra Oslo og ca. 10 mil fra Haugesund. Næraste større bygd er Etne ca. 30 km unna.

 

 

 




Flottast i verda?
Fossen som er kåra til verdas flottaste er verdt sitt eige motbakkeløp. (Alle foto: Jarle Kolbeinsen)







































Flott diplom: Ein annan lokal kunstnar , Tor Christian Engdal, har laga den flotte diplomen alle får som fullførar Langfoss Opp.  


















Grilling: Etter målgang går turen vidare innover langs elva til setra hvor alle deltakarane får servert grillmat.
















Flott utsikt: Det er bratt opp løypa og utsikten desto flottare når ein når til topps i løpet. Utsikten er aleine premie nok for løpet.